Endeleg! 10 år etter at Folkelista tok initiativ til og fekk innført eigedomskatt i Hareid, har dei innsett at eigedomskatt løyser ingenting og er ei belastning for innbyggarane. Vi i INP håpar denne nyvunne erkjenninga resulterar i meir en tomme ord og står klar til å støtte Folkelista om dei fremmar eit forslag om å trappe den ned.

Det er mangt ein kan kommentere om lesarinnlegget frå Folkelista, men nyttar anledninga til å minne dei på at Folkelista i dei siste 12 åra har styrt Hareid Kommune. Først 8 år i posisjon med blant anna varaordføraren og dei siste 4 åra med ordføraren. Eg forstår at det kan vere freistande å peike på kommunedirektøren og administrasjonen for den økonomiske situasjonen vi står i, men ærleg talt, etter 12 år ved «makta» har vel moglegheita til å korrigere kurs vore mange om ein har meint at den har vore feil. Eg vil også nytte anledninga til å minne Folkelista på at mange av prosjekta desse åra har blitt vedtatt og gjennomført sjølv om kommunedirektøren har advart mot dei økonomiske konsekvensane.

Folkelista trudde vel ikkje at alle prosjekta ikkje ville få ein konsekvens for drifta? Å peike einsidig på at det er administrasjonen sin feil at vi er der vi er i dag blir ein for lettvint ansvarsfråskrivelse ein burde halde seg for god til. Vi står no saman framfor ein vanskeleg budsjettprosess der det vil få konsekvensar om vi velje feil «medisin». Vi må velje mellom kjekt å ha og må ha..

Folkelista har etter brakvalet reint fleirtal og kan vedta det dei vil av politikk. Det blir soleis interessant å sjå korleis dei forvaltar dette ansvaret. Sjølv om vi i INP er i opposisjon er vi innstilte på å jobbe saman med dei andre partia og administrasjon for å løyse utfordringane vi står i. Vi er garantert ikkje einige om alt, men skal vi løyse utfordringane vi står i dag hjelp det ikkje å sjå bakover for å fordele skyld, pengane er brukte og vi må etter beste evne lære av det som er gjort, rette blikket framover, mot der løysingane kan ligge.

Øyvind Grimstad

Hareid INP