Eg vart utfordra på butikken forleden om kva Høgre vil ha meir av i Hareid og naturleg ville eg ramse opp mykje i programmet vårt. Men spørsmålet var meir kva vi vil endre som ein ikkje har fått til siste fire åra og som ikkje nødvendigvis er spesifisert i programmet vårt. Vel, det handlar om manglande politisk leiing og proaktiv tilnærming til utfordringar, tenkjer eg. Vi vil ha meir rullering av planar og gjennomgang av sakskompleks. Går ein inn i planverka for Hareid kommune ser ein at svært mange er overmodne for  handsaming/rullering. T.d. ein viktig oppvekstplan gjekk ut i 2020 utan at det er utarbeida ny. I vår regntunge kvardag kan vi også undre kvar kommunen sin klimastrategi og bidrag til dette viktige arbeidet ligg.

Merkar oss vidare at mange prosjekt som vi sette på agendaen før 2019 -då vi var i posisjon, framleis står uløyst. Det gjeld for eksempel rundkøyring på Holstad der det vart forhandla fram avtalar og planar. Det handlar om bustadfeltet på Holstad og næringsareal. Det handlar om attraktive tomter i krinsane som folk vil kjøpe. Vi vil ha meir opp til politisk handsaming og mindre i korridorar på rådhuset. Det handlar om ansvar, informasjon og leiing i plan og prosjekthandtering (eller mangel på slik) som vår Berte Holstad Engen løfta førre møte og som vår Wenche Holstad Jøsok har etterspurt ved fleire høve. Det handlar om å vere i forkant av utfordringane.

Når Hareid Småbåtlag (HSL) etterlyser kva som skjer med fellesnaustet, manglar vi også ein plan for dette. Kvifor står vi eitt år før kontrakt med HSL går ut og undrar kva vi skal gjere? Kvifor har ein ikkje gått i samtalar med HSL om dette slik at utryggheita HLS har om framtida vert avklart? Det er lett for politikarar å slå seg på brystet og love avklaring og gode alternativ no rett før valet. Ja, vi også vil arbeide for gode alternativ i hamna på indre Hareid. Det eg etterlyser er at vi må vere tidlegare og på ballen. Slik vil vi meir for Hareid!

Ole Frank Bakken, Ordførarkandidat Hareid Høgre