Gravplass-saka i Ulstein kommune skulle eigentleg opp på kommunestyremøtet i mai i år, men er framleis ikkje behandla ferdig.

Det er fleire motsetnader knytte til detaljreguleringa for Oshaugflata, som har vore ute på offentleg høyring. Det har kome innvendingar mot planforslaget, i tillegg er det innsigelser knytt til kulturminne og kulturmiljø. Arkeologiske funn viser at Oshaugen er Vestlandets største og mest monumentale gravminne, med stor lokal, regional og nasjonal verdi. Fylkeskommunen ynskjer ikkje at Oshaugflata skal utvikle seg til bustadområde, og meiner dei verdifulle kulturminna må bevarast.

Jordvern er også ei utfordring i saka, som må takast opp til drøfting i fylkesutvalet før kommuna kan gå til Statsforvaltaren for eventuell mekling.

Saka er framleis under vurdering, og utfallet vil avhenge av korleis kommuna handterer innsigelsane og motsetningane knytte til planen.

Eg ønskjer å dele tankane mine og støtte forslaget om å byggje bustader på denne tomta. Dette initiativet har potensiale til å gje ei positiv påverknad på byen vår, og her er kvifor:

For det første, byen vår har vokse og endra seg betydeleg dei siste åra. Innen 2030, vil Ulstein Kommune ha ei vekst på 3,3% (Landsnittet er 4,3%) som tilsvarer 281 personar. Med ei aukande befolkning er det eit stigande behov for fleire bustader for å møte etterspurnaden. Tomta på Oshaugflata gir oss ei ideell moglegheit til å utvikle nye, berekraftige bustader som kan huse familiar, unge fagfolk og eldre innbyggjarar. Dette vil bidra til å oppretthalde mangfaldet i byen vår og skape eit inkluderande samfunn.

Eldrebølgja nærmar seg vårt distrikt, og vi står overfor ei utfordring som krev nyskapande løysingar. På landsbasis ser vi at vekst i befolkning på personar over 67 år ligg på 24 %. Vekst på personar over 79 år ligg på 48%. For å møte dette behovet, må vi leggje til rette for at eldre kan bu nærme dei kommunale helsesentra. Dette er avgjerande for å tryggje god helse og livskvalitet i eldre år! I dag bur mange eldre i Ulstein Kommune i store einbustader langt unna helsefasilitetar, noko som fører til auka behov for heimesjukepleie og døgntilbod. Dette er kostbart og unødvendig.

Men det er ikkje berre eldre som treng desse tiltaka. Småbarnsforeldre og unge voksne står overfor utfordringar med å finne eigna bustader i distriktskommunene. Det er mangel på tilgjengelige og prisverdige bustader og/eller tomter.

Løysinga er samarbeid mellom kommunen, Husbanken og private boligutbyggere. Dette samarbeidet må inkludere statlig økonomisk støtte til kommunen for kjøp av bustader for utleige, støtte til eldre som vil flytte frå einebustad i distrikta og til aldersvenleg leilighet i sentrum, delingsløysningar og lån til utviklarar. Vi må tenkje heilskapleg! Ved å leggje til rette for bustader for 55+ nær helsesentra, vil vi effektivisere ressursar innen helse og omsorgstenester, frigi einebustader for småbarnsforeldre og unge. Dette vil styrkje lokalsamfunnet vårt og sikre at vi beheld naudsynt kompetanse i byggjesektoren.

Lat oss starte ein regional flyttedugnad, med Oshaugflata som startpunkt. Dette vil forme liva til både eldre, småbarnsforeldre og unge i vårt distrikt og bidra til at kommunene kan levere naudsynte tenester også i framtida. Handling no er viktig for at alle innbyggjarar skal kunne leve verdige liv med trygg tilgang til helse- og omsorgstenester.

Oshaugflata må bebyggast med bustader, og vi må starte no!

Elisabeth Haugen Brune, dagleg leiar i Ørsta Byggservice AS.

Noko du er engasjert i, eller vil seie di meining om? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no