Liv Dalbakken har kommentert ein artikkel av meg i Vikebladet 26.01. Ho skal forklare kvifor PPU – pedagogikk – er nødvendig vilkår for å få fast stilling som lærar. Freistnaden hennar er mislykka, men fortener kommentar.

I 1984 hadde sosialantropologen Arne Martin Klausen ein kronikk der han, basert på planen om å utvide ped.sem. frå eitt til to semester, hevda følgjande: Da pedagogikk hevdar vere ein empirisk disiplin, burde det vere ei sjølvsagd oppgåve å granske empirisk om lærarar med ped.sem. faktisk underviste betre enn lærarar utan ped.sem. Han fekk svar frå Harriet Bjerrum Nielsen, Pedagogisk Forskningsinstitutt/UiO: Han hadde ikkje forstått noe som helst.

Realiteten er denne: PPU er korkje nødvendig eller tilstrekkeleg vilkår for god/meiningsfull undervisning. Var PPU nødvendig vilkår, ville ingen lærar utan PPU kunne undervise. Var PPU tilstrekkeleg vilkår, ville alle med PPU nødvendigvis vere dugande lærarar. Slik er det ikkje.

Dalbakken viser til ein professor ho hadde under studiet. Han var sprenglærd, men kunne ikkje undervise. Dette er premiss i eit argument eg ofte har sett: NN er så lærd at han/ho ikkje kan lære frå seg. Følgjeleg er alle med store kunnskapar i eit fag udugelege lærarar. Slutninga er ugyldig: Om t.d. dei tre første personar du ser i Skottland, er raudhåra, følgjer det ikkje at alle skottar er raudhåra.

I skoledebatt er trumfkortet lektoren som er så lærd at han/ho verken har auge for elevar eller kan undervise. Dette skremmebiletet har i årevis fungert effektivt i pedagoganes kamp mot kunnskapsrike lærarar. Tvert om, det er når kunnskapar er store og djupe nok, at læraren har vilkår for å gjere undervisning spennande, lærerik og motiverande. Trur Dalbakken verkeleg at PPU er nødvendig vilkår for å lykkas med dette og at lærarar utan PPU ikkje kan bry seg om elevar? Om ho meiner det siste, må ho samtidig meine at det er PPU si oppgåve å utruste lærarkandidatar med normal sosio-moralsk dugleik!

I 1999 var Høgskolen i Buskerud og Kyrkje- og undervisningsdepartementet saman om ei gransking av kor vidt læraranes kunnskapsnivå påverka elevanes kunnskapstileigning. Da departementet forstod kva resultatet ville bli, trekte det seg ut. Høgskolen gjennomførde granskinga og kunne slå fast at ved vg.skolar der alle lærarar var lektorar, var elevanes kunnskapsnivå 30% høgare enn ved skolar med få lektorar.

Så gjer Dalbakken nok ein logisk parade-feil: For å forklare kvifor PPU er nødvendig, siterer ho frå det ein ved PPU/UiB seier om studiet. Der heiter det at «ein lærer å undervise, å ivareta elevane og sjå og verdsetje kvar og ein av dei» osv. Frå premissen «ein lærer å undervise» gjennom studiet, følgjer ikkje konklusjonen «ein lærer faktisk å undervise». Det som står i ein studieplan, er ikkje ei beskriving av studentanes faktiske kunnskaps- og kompetansenivå etter studiet, men av føremålet med studiet. Faktisk utbytte av eit studium følgjer verken logisk eller kausalt nødvendig frå føremålet med det.

Problema som har fått utvikle seg i norsk skole i løpet av dei siste førti åra, viser til overmål tydeleg at den kompetansen PPU blir sagd å gi, ikkje har skapt ein særleg god skole. Med det prosentuelle innslaget ein i dag har av analfabetar, funksjonelle analfabetar o.l. i skolen, burde dei pedagogiske premissleverandørane for skole og utdanning ha vore kikka i korta av instansar som ikkje alt er del av systemet. I normalt vitskapleg arbeid blir teoriar testa mot empirisk observasjon. Er empiriske funn uforeinlege med teoriane, er teoriane falsifiserte. Slik er det ikkje med pedagogiske teoriar. Same kor ille stoda i skolen er, pedagogar tar ikkje sjølvkritikk. Dei vandrar vidare, væpna med nye fikse idear. Ein filosofi-kollega søkte om opprykk til professor. Søknaden vart akseptert på vilkår av at han tok universitetspedagogisk seminar. Der skulle han og ein matematikar, viste det seg, båe med over 20 års undervisningsrøynsle, lære å undervise i høvesvis filosofi og matematikk av ein person utan kunnskap i noen av dei to emna.

Dalbakken har eitt godt poeng: Skal du lære å undervise, bør det skje ved at røynde lærarar følgjer undervisninga di og diskuterer den med deg, slik at du kan få «utside-perspektiv» på deg sjølv som lærar. Råd frå erfarne lærarar er svært viktig. Dette burde ta eitt år og erstatte PPU. Dette poenget har eg har insistert på i debatten eg har hatt med fag-pedagogar, i meir enn førti år. Difor: Skal du undervise i yrkesfag, må du kunne faget. Du får ikkje betre innsikt i faget ditt av å høyre kva fagpedagogar har å seie.

Dalbakken gir, med pinleg provinsiell arroganse, den brasilianske astrofysikaren eg viste til, det råd at ho tar PPU i staden for å ergre seg over «profesjonsfaglege» krav. Gitt nå at Nobelprisvinnarane Moser & Moser søkte lærarjobb innan sitt spesialområde, ville Dalbakken hevde det same om desse som ho tillet seg å hevde overfor ein internasjonal tungvektar i astrofysikk? Ein skulle tru at ein person som titulerer seg lektor, hadde ei noe anna forståing av kunnskapens rolle enn det ho, kanskje ufrivillig, gir uttrykk for.

Skolen har vore styrt av det pedagogikk-professor Kaare Skagen kallar «pedokratar». Skagen er ein av dei få fag-pedagogane som har tatt røyndommnen inn over seg og våga kritisere sitt eige fag temmeleg grundig. Boka hans, «Pedagogikkens elendighet», er ein interessant syntese av roman og kritikk av pedagogikk-faget slik det har utvikla seg. Synet hans er at for skolens skyld må pedokratiets herredømme knekkas. Eg ser ingen grunn til å vere usamd med han. Dalbakken burde ta seg tid til å lese boka hans.

Eg kan dessutan rå til sosiologen Ove Skarpenes si bok «Kunnskapens legitimering», der temaet er utviklinga av norskfaget, matematikk og samfunnsfag i vg.skole. Han viser svært godt at og korleis skolen og faga si legitimering endrar seg frå fokus på kunnskap til elevsentrering og deretter pedosentrering, som har umyndiggjort den fagleg sterke læraren til fordel for pedagogiske luftslott.