Eg har i mitt budsjettframlegg for Hareid kommune føreslege å investere i 20 bueiningar på Brekkane. Bustadane skal nyttast til vanskelegstilte, ei gruppe som kan femne om flyktningar, eldre og andre. Bustadane er ferdig prosjekterte og ligg ute til sals på finn.no.

Høgre sin gruppemedlem, og medlem i formannskapet, Ole Frank Bakken, gjekk nyleg ut i Vikebladet med kraftig kritikk av prosjektet. Det er heilt greitt å kritisere forslag vi legg fram. Det er ein folkevald sitt privilegium å gjere dette. Det er faktisk ønskeleg å få debatt om korleis vi skal utvikle og styre Hareid kommune. Det er dette som er lokaldemokrati.

Ikkje inhabile

Det eg som øvste leiar for administrasjonen i kommunen ikkje kan akseptere og er tvungen til å imøtegå, er ymtinga om korrupsjon i administrasjonen. Bakken påstår at prosjektet verkar «rigga» og at det «ringer i habilitetsbjeller». Dette er sterke skuldingar og kan tolkast som at administrasjonen og tilsette med sterke koplingar til leverandøren  av bustadane har arbeida med prosjektet og tilpassa dette slik at denne leverandøren får tilslaget.

Kommunal forvaltning er underlagt lovverk som set grenser for når tilsette (og folkevalde) har for sterke bindingar til ei sak, til at dei kan handsame saka. Målet med lovverket er å ikkje øydeleggje tilliten til forvaltninga. Ingen skal kunne nytte rolla si i Hareid kommune til å sikre seg eller nærståande fordelar. I denne saka har ingen av dei som jobbar med prosjektet slike bindingar. Det er heller ikkje tvil rundt dette, så eventuelle rykte om inhabilitet er grunnlause, og bør ikkje vidareformidlast.

Ikkje rigga

Prosjektet er heller ikkje «rigga» for å vere tilpassa leverandøren sitt bustadfelt. Bakgrunnen for prosjektet blei gjort godt greie for i Vikebladet sin artikkel om at Hareid kommune har fått støtte på 11 millionar frå Husbanken.

Vi skal ta imot mange flyktningar det neste året og bustadmarknaden er trong. Tilsette blei merksame på at det var mogleg å nytte private til å byggje bustadar til flyktningane, og at dette kunne utløyse støtte frå Husbanken. Det viste seg då at vi i kommunen hadde eit ferdigregulert bustadfelt som som kunne nyttast til flyktningbustadar, og som seinare kan nyttast til andre vanskelegstilte når flyktningane eventuelt drar heim. Kommunen vil få eit stort behov for bustadar til eldre nokre år fram i tid.

Korrupsjon er ikkje «berre» lovbrot, men er ramma av straffeloven. Eg forventar at folkevalde, som har open linje inn til meg, kontaktar meg for å avklare fakta, før dei går ut i det offentlege rom med slike udokumenterte, grove påstandar. Skulle dei site på dokumentasjon, ønsker eg å vere den fyrste til å vite om det, slik at vi kan avdekke og stoppe lovbrota.

Hatt moglegheit til spørsmål

Bakken påstår også at saka ikkje har vore til politisk handsaming, men eit «benkeforslag» i budsjetthandsaminga. Dette prosjektet har vore ein del av budsjettframlegget sidan det blei sendt ut til dei folkevalde organa 17. november. Formannskapet som Bakken sit i har sjølv handsama budsjettframlegget i to møter og samrøystes sendt det ut på høyring. Bakken nytta ikkje høve til å stille spørsmåla frå lesarinnlegget i desse møta.

Det er ikkje slik at alle saker er «ferdigutgreia» når dei blir teke opp i eit budsjett. Budsjettet handlar like ofte om å løyve midlar til prosjekt slik at vi kan jobbe vidare med dei. I dette tilfellet vil den endelege kontrakten med leverandøren sjølvsagt også bli lagt fram til politisk handsaming.

Ikkje lovbrot

Så til påstandane om brot på lov om offentlege anskaffingar – eit regelverk som er til for å sikre at kommunane kjøper varer og tenester til konkurransedyktige priser. Eit prosjekt til 60 millionar må normalt ut på anbod. Det finst likevel unnatak, som i dette tilfelle, der dette bustadfeltet er einaste prosjekt som tilfredsstiller behova våre. Vi har god dialog med fagmiljø på offentlege anskaffingar og juristar hos kommunens interesseorganisasjon KS. Begge stadar får vi stadfesta at vi held oss innafor lova. Skulle det likevel dukke opp moment som gjer prosjektet ulovleg, så vil vi sjølvsagt legge prosjektet bort, eller løyse det på annan, lovleg måte.

Omdøme

Bakken er bekymra for at denne saka kan øydelegge omdømet til kommunen. Eg er bekymra for at ugrunna påstandar om lovbrot er meir øydeleggande for omdømet. Som sagt i innleiinga, så er kritikk ønskeleg og bra, men den må ha hald i fakta og har dei folkevalde spørsmål om kva fakta i ei sak, er det berre å ta kontakt.

Ragnhild Velsvik Berge

Kommunedirektør i Hareid kommune