Det var interessant å lese innlegget frå Hareid Høgre 29. juli. Vage løfter for komande periode er ein ting, men det er påfallande kor dårleg partiet har følgt med på utviklinga i kommunen dei siste fire åra. Innlegget frå Ole Frank Bakken 8. august var i om lag same gate – men her med påstandar om «manglande politisk leiing»! Liknande, sterke påstandar vart også fremja under debatten i samband med Seinsommarfesten laurdag. Den polariserande tonen Høgre har lagt seg på i valkampen krev eit svar, synest eg.

Først ei lita avklaring: Underteikna har ingen store politiske ambisjonar personleg, men har vore imponert over kva Bernt Brandal og Folkelista har fått til dei siste åra. Eg har difor takka ja til å stå på Folkelista.

Tonen Høgre legg seg på i valkampen står i sterk kontrast til korleis det politiske samarbeidet har vore dei siste fire åra. Under Bernt Brandal sin leiarskap har politikarane på tvers av partia funne saman i eit godt samarbeid prega av felles mål for lokalsamfunna i kommunen. Når eg no skal skryte av Bernt og Folkelista, er det viktig å understreke at dette ikkje hadde lete seg gjennomføre utan eit konstruktivt og godt samarbeid med dei andre partia i kommunestyret.

Høgre hevdar at dei «vil meir» for Hareid, og gode intensjonar er det nok ingen som tvilar på. Like fullt er det lett å ønske og å ville, ja for den del å vedta politikk, men ein kjem ikkje langt utan gjennomføringsevne. Her har Bernt og gjengen mykje å vise til. Så kva har Folkelista og dei kommunalt tilsette levert dei siste fire åra – som Høgre ikkje har fått med seg? Det er vanskeleg å fatte seg i kortheit, så for å ikkje trøytte lesaren nøyer eg meg følgande:

  • Utbygging av helsehuset

  • Miljøgateprosjekt med tusenårsplassen

  • Mjøl og Meir i Kjøpmannsgata

  • Nye kaier og renovering av kaianlegga

  • Ungdomsklubb og ungdomsarbeidarar

  • Storstilt asfaltering

  • Gjestehamn

  • Ferdig regulering av det nye bustadfeltet i Vadbakken-Plassane

  • Store tiltak i sentrum med tanke på parkeringsplassar og estetiske forhold

  • Ny veg på Røyset

  • Oppussing av rådhuset

  • Vekst i Hareid, og stor satsing på næringslivet. (Sjå til dømes den aktive tilrettelegginga kommunen har gjort for næringsaktørar).

  • Planlegging, regulering og oppstart av omsorgsbustadsprosjektet på Pålhaugane.

  • Storstilt utbygging av Syverplassen barnehage, og nytt uteareal

  • Energipakke, inkludert nye dører og vindauge på Bigset skule

  • Nytt skulekjøken på Hjørungavåg skule.

  • Miljøarbeidar  på Hareid Ungdomsskule

  • Tilrettelegging for «Hareid Kulturlag», og samarbeid med privat sektor om kulturhus på Hareid

  • Stifting av «Opplev Hareid» (FOR ein flott Seinsommarfest vi hadde!)

  • Ferietilbod til elevar i alle aldrar

  • UKM…

Som lista viser har dei siste fire åra sett ei satsing på både unge og gamle, på kultur, næringsliv og infrastruktur. Det skal vi halde fram med i komande periode.

I forhold til arbeid med planar, er mykje gjort i perioden. Ferdig regulering av Pålhaugane og bustadfeltet i Vadbakken / Plassane kan nemnast. Arbeidet med rullering av kommuneplanens arealdel er ein tung prosess som har teke tid. Eg opplever at dei tilsette i kommunen har gjort ein veldig god jobb med dei begrensa ressursane og tilsette dei har.

Enkeltmenneske er også viktig i lokalpolitikken. Hareid har dei siste fire åra hatt ein ordførar som lever og andar for kommunen. Bernt jobbar lange dagar, stiller alltid opp, deltek i alle debattar og dreg alle partar med i desse. Han har klart å prioritere krinsane trass i tung satsing på sentrum.

Bakken sine påstandar om «manglande politisk leiing» er difor snodig lesnad… Eg trur også at ei inkluderande tilnærming er betre enn splittande retorikk. Sidan ordføraren vår ikkje er typen til å skryte av seg sjølv, så gjer eg det for han. Vi er mange som er imponert over innsatsen din, Bernt!

Til slutt ein liten kommentar om Holstadfeltet: Høgre veit godt at utfordringa her er den same som då Anders Riise melde feltet byggeklart i 2018. Grunneigarar som ikkje vil selje, og venting på at rundkøyringa skal nå opp på fylkekommunens prioriteringsliste. Ordførar og administrasjon har jobba aktivt med rundkøyringa, og den er no prioritert som nr. 6. Å kritisere Bernt for ikkje å ha fått på plass rundkøyringa, kan sidestillast med å kritisere Anders Riise – som faktisk sit på fylkestinget – for det same. Etter mitt syn vil begge deler vere heilt urimeleg.

I mellomtida har uansett eit samla kommunestyre vedteke utbygging av Plassane – Vadbakken, slik vi får byggeklare utsiktstomter på Hareid om ikkje lenge.

Dyktige politikarar og eit tillitsvekkande politisk prosjekt er grunnen til at eg står på Folkelista. Bernt og co. har gjennom fire år vist at dei «gir alt» for Hareid og eg er trygg på at fire nye år vil gje ei flott utvikling for folket i kommunen, anten ein går i barnehagen, er næringsdrivande eller er komen inn i pensjonistane sine rekker.

Avslutningsvis vil eg igjen understreke at den positive utviklinga i kommunen kjem som følgje av konstruktiv debatt og godt samarbeid mellom alle partia, og mellom politikarar og kommuneadministrasjonen. Dette er sjølvsagt ikkje berre Folkelista si forteneste. Ideologi og kjepphestar er i stor grad blitt lagt til side slik at gode kompromiss har latt seg gjennomføre. Dette har gitt ein stø kurs og ei fin utvikling for kommunen.

Sidan Høgre har nye kandidatar på toppen av lista si, vil eg nytte høvet til å oppmode desse om å vidareføre den konstruktive linja også i neste periode. Heller enn polemiske og splittande utspel, må dei gode løysingane for Hareid kommune stå i fokus!

Godt val!

Thor Ove Rekdal Nedrelid

9. plass på Folkelista for Hareid