Ulstein kommune har hatt ein fortettingsstrategi for Ulsteinvik sentrum i mange år, kanskje særleg sidan 2000 då kommunestyret vedtok at Ulsteinvik skulle få bystatus. For mange, inkludert meg sjølv, verka dette å vere eit litt tullete vedtak, og slett ikkje noko dei fleste kjente seg att i.

Men i dag 23 år etter, så trur eg at dei fleste meiner at Ulsteinvik er i ferd med å utvikle seg til å bli ein by. Dette har ikkje skjedd av seg sjølv eller utan sverdslag. Vedtaket om bystatus endra ikkje Ulsteinvik i seg sjølv, men det gav sterke føringar for strategiane som vart lagde vidare:

a) sentrum må konsertrerast, ikkje spreiast

b) det må vere størst mogleg breidde i tenestetilbodet

c) det må vere triveleg å opphalde seg i sentrum

d) fleire må bu i sentrum.

Dersom ein spolar 25 år tilbake i tid, så var Ulsteinvik ein asfaltjungel der bygga var 2-3 etasjar høge og kundane kjørte frå dør til dør når dei handla. Det fantes ikkje parkar eller opphaldsareal utandørs anna enn nokre benkar her og der. Nesten ingen budde i sentrum og der var stort sett ingen aktivitet etter kl 17 når butikkane stengde. Berre vi undommane som hang på «Termen» eller Video vest var å sjå. Sjølv om utsikta var god var kontakta med sjøen minimal og det fantes ingen strandpromenade. Det var stort press på kommunen om å få etablere meir handel i Saunesmarka fordi det var lite ledig areal i sentrum.

Ulsteinvik rundt år 2000. Foto: Per Eide

Sidan då har mykje skjedd, og ein av dei viktigaste drivarane for utviklinga var nok salet av Ulstein-konsernet som frigjorde det eg likar å kalle patriotkapital. Aksjonærane som stort sett var heimehøyrande i Ulstein, reinvesterte store deler av gevinsten i nye eigedommar i sentrum. Det gav oss både hotell, to kjøpesenter og nye bustadblokker og næringslokaler. I tillegg etablerte dei nye bedrifter og skapte mange nye arbeidsplassar i regionen.

Ulsmo har og gjeve eit betydeleg bidrag til bygginga av Ulstein Arena. Privat kapital har saman med fylket og kommunen bidrege med betydelege midlar til å skape innbydande rekreasjonsområder. Dei tidlegare aksjonærane i Ulsteinkonsernet, Kleven og andre kapitaleigarar kunne nok investert pengane sine på børs og fått langt høgare avkastning, men dei valde i staden å investere dei her.

I dag står serveringsbedriftene i Ulsteinvik for om lag 40% av all omsetning i næringa på Søre Sunnmøre. Det bur nesten 400 fleire personar i sjølve Ulsteinvik sentrum no enn det gjorde for 25 år sidan. Kulturtilbodet har blitt kraftig forbetra og Ulstein er i toppen av handelsstatistikken i fylket. Ulsteinvik vert trekt fram som eit av dei mest vellukka eksempela på tettstadsutvikling i landet. Nyfikne og lærevillege kommunar kjem frå inn- og utland for å hauste av våre erfaringar.

I Ulstein jobbar vi med fortetting, fordi det er det som må til for å skape tette byrom med mykje aktivitet. Ved å bygge i høgda og stramme inn på tilgangen av parkeringsareal i friluft, så frigjer det plass og økonomi til å skape attraktive uterom mellom bygningane. Fortetting i sentrum gir også mindre press på urørt natur og fører til mindre transportbehov og lågare driftskostnader for kommunen. Eit attraktivt sentrum fører også til folkevekst og hindrar fråflytting, ikkje berre i sentrum men også i krinsane.

No går debatten om utbygging av Mylna på Saunes med sine 7 etasjar og der er mykje motvilje. Eg forstår at det er sterke meiningar knytt til utbygging av dette området, særleg frå dei næraste naboane. Dette er likevel ikkje noko nytt. Også utbygginga av Geileneset (5 etasjar) Sjøsida (5 etasjar) og Bjørndalvegen Park (6 etasjar) skapte stor debatt og møtt mykje motstand fordi mange meinte at bygga ville bli for høge og dominerande. Samtidig veit vi at utan modige utbyggarar og politikarar som turte å satse, så hadde Ulsteinvik truleg sett meir eller mindre like eins ut som for 25 år sidan.

Sjølv om enkelte ting har blitt tapt på vegen, så er eg overtydd om at det har vore verdt prisen. Og for dei som meiner at kommunen bøyer seg for storkapitalen, så vil eg minne om at utan dei så hadde lite skjedd. Konsekvensen kunne fort blitt at Ulsteinsamfunnet kanskje ikkje hadde tolt den lange omstillinga i næringslivet. Vi er dei difor stor takk skuldig.

Knut Erik Engh

Ordførar (Frp)

Noko du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no