Den 17. januar i 2017 sende Vikemyra Velforening eit brev til Ulstein kommune der dei bad om ei drøfting i Levekårsutvalet om korleis ein skal organisere ein trygg skuleveg i sentrum. I brevet foreslå dei at bussane med skuleelevar skal halde fram med å sleppe av borna på busshaldeplassen ved Mjøl og Meir, i staden for å setje dei av i Gjerdegata.

I haust hadde John Georg Larsen i Vikemyra Velforening eit lesarinnlegg på trykk i Vikebladet Vestposte der han etterlyste svar frå kommunen. Han kunne ikkje sjå at saka hadde vore oppe i levekårsutvalet.

Ordførar Knut Erik Engh svara til Vikebladet Vestposten at ein ikkje kan forlange på kva møte eit initiativ blir behandla på i kommunen. Innspelet hadde blitt lagt fram for levekårsutvalet til orientering, så var det opp til utvalet om dei ville handsame saka vidare, noko dei ikkje var interessert i. Men saka har vore oppe i teknisk utval. Og teknisk utval meiner bussane skal stoppe i Gjerdegata.

Svar frå ordføraren

No på nyåret sende Knut Erik Engh svar Til John Georg Larsen i Vikemyra Velforening. Han skriv at ungdomsskulen og ungdomsrådet ønskjer at bussane stoppar i Gjerdegata, slik teknisk utval har lagt opp til, og som var vanleg fram til bygginga av Ulstein Arena.

Grunnen til at dei ønskjer å gå av bussen i Gjerdegata er at dei ofte opplever knapt med tid om morgonen. Dei har fleire gonger opplevd å kome seint på skulen på grunn av forseinkingar. Dei ser det heller ikkje som meir trafikksikkert å bli sett av nede i sentrum og krysse to vegar (Bjørndalvegen og krysset i Vikemyra) enn å få gå av bussen i Gjerdegata.

Ordføraren kjøper heller ikkje argumentet om betre folkehelse av å setje elevane av nede i sentrum. Det er ikkje denne målgruppa som er mest utsett for inaktivitet, skriv han.

Skal opp i levekårsutvalet

Ordføraren og Eldar Knotten (leiar i levekårsutvalet) har blitt samnde om at saka skal opp på første møte i levekårsutvalet i år. I følgje møteplanen til Ulstein kommune vil det seie 31. januar. Utvalet vil då anten slutte seg til vedtaket til teknisk utval eller be om at teknsik utval vurderer saka på ny.

Inntil noko anna eventuelt skulle bli bestemt vil bussane halde fram med å sleppe skuleborn av i Gjerdegata, slik teknisk utval og reguleringsplanen legg opp til.