Mange stengingar i Eiksundtunnelen:

– Folk må vere konsentrerte og halde jamn fart

Eiksundsambandet har vore stengt ei rekkje gongar den siste tida.

Hald god avstand, hald jamn fart, sjekk at baklysa er på og ver konsentrert

Nyhende

– Det har skjedd altfor hyppig den siste tida, ja. Det seier Frode Halse Digernes, som er seksjonsleiar for vakt og beredskap i politiet på Søre Sunnmøre.

– Det er nok vanskeleg å finne ein samanheng mellom dei ulike stengingane den siste tida, for alle har ulike årsaker, seier Digernes.