Han arbeider ved opptakskontoret for vidaregåande utdanning i Møre og Romsdal.

– Førebels har vi ikkje fått spørsmål frå elevar som ønskjer å bytte frå studiespesialisering til yrkesfag i haust, men eg trur dette heng saman med at ordninga er så ny at det er mange som ikkje kjenner til den enno, seier Geir Løkhaug.

Det kom ikkje informasjon om denne ordninga i tilbodsheftet til elevane som måtte velje før 1. mars. Det kan godt hende at ein del elevar kunne tenkt seg å bytta no, viss dei hadde sjansen til det, men førebels er altså ikkje skulane klare.

– Vi kjem til å lage ei sak på dette, men med all sannsynlegheit kjem dette til å verte vedteke i løpet av hausten, meiner han.

Viss det nye tilbodet om yrkesfagleg opphenting trer i kraft frå neste haust, så vil skulane måtte lage opplæringsplanar og tilpasse lærarkrefter til det nye faget.