Under laurdagens 100-årsfeiring i dokka på Myklebust Verft, kunne konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, fortelle dei tilsette at brønnbåtreiarlaget Sølvtrans har signert kontrakt om bygging av ein brønnbåt ved verftet. Kontrakten inneheld også ein opsjon på ytterlegare eit fartøy.

- Eg er svært glad over at denne kontrakten no er på plass, og at vi kunne formidle den glade nyheita på jubileumsfeiringa, seier Ståle Rasmussen. Det var veldig viktig for oss å få på plass eit nytt prosjekt for Myklebust Verft som treng meir arbeid om litt, og det er spesielt kjekt at det også er for ein lokal reiar. Dette er første brønnbåtkontrakten for Kleven, og vi ser på dette som eit interessant segment framover.

Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og ørret.

- Eg er glad for at vi skal bygge vårt neste fartøy på Myklebust Verft og i Sande kommune, seier konsernsjef i Sølvtrans, Roger Halsebakk, som opprinneleg kjem frå Sandsøya. Kvalitet, funksjon og nærleik til verftet har vore avgjerande i vårt val av design og verft, seier Halsebakk.

Fartøyet er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce, og er ein stor brønnbåt – nær 80 meter lang og med 3200 m3 brønnkapasitet. I tillegg til design, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, automasjonsanlegg og vinsj. Fiskehandteringsutstyret skal leverast av MMC i Herøy, og andre lokale leverandørar vil også verte nytta. Ringverknadene vert difor store i det maritime miljøet på Sunnmøre.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft våren 2017.