Brannvesenet har i dag, måndag, fått beskjed om at det er to menn som utgir seg for å vere frå brannvesenet og på den måten prøver å kome seg inn i husa til folk på Hareid.

Ifølgje tipset til brannvesenet seier mennene at dei skal inn og seriekople røykvarslarane.

Også i vår fekk brannvesenet vite om liknande episodar.

«Vi går aldri på tilsyn utan å varsle først. Vi vil også vere uniformerte og ha uniformert bil når vi kjem på tilsyn», sa brannsjef Olav Helt Brubakk den gongen.

Branningeniør Live Gandborg understrekar i ein epost at brannvesenet er uniformert og har uniformerte bilar også når dei kjem på branntilsyn.

– Får du besøk av falske brannfolk: ikkje slepp dei inn. Når dei har gått, ring politiet på 02800. Viss dei ikkje vil gå, ring naudnummer 112, seier Gandborg.