– Klart, vi er jo blant dei som er mest ihuga når det gjeld slike ting, og vi jaktar jo på opplevingar, anten det er idrettsarrangement eller noko vi berre er ekstra interesserte i. Men vi er heilt sikre på at det finnast fleire med oss som kan tenkje seg å reise til Ulsteinvik, til området der «Heimebane» er spelt inn, fordi det er spanande. Det er fullt mogleg å trekkje til seg «Heimebane»-turistar, seier Svein Bergheim og kona Elisabeth Thobro Bergheim.

Då familien las om NRK-serien «Heimebane» og den fiktive klubben Varg IL på nettet, fann dei ein artikkel som hadde stått på trykk i Vikebladet Vestposten tidlegare i sommar, der det overraskande nok kom fram at det ikkje hadde vore nokon spesiell «Heimebane»-effekt.

– Eg trur svaret på kvifor det er slik er enkelt. Her må kommunen og næringslivet i Ulstein-regionen bli flinkare. Hadde det vore meir lagt til rette for slike som oss, som ønskjer å sjå kvar serien blei spelt inn, og som ønskjer å besøke dei ulike lokalitetane, så hadde det vore noko heilt anna, seier Svein Bergheim.

– «Heimebane»-kafé?

Som har ein ting eller to han vil føreslå for kommunen.

Bergheim har som ein kan lese i den andre artikkelen skapt mykje liv og røre i Tour de France gjennom mange år, og driv til dagleg Kristiansand Sykkelsenter.

– Eg er van med å promotere. Difor ser eg også at Ulstein heilt tydeleg ikkje har vore flinke nok til å promotere for omverda at «her er vi», og at det er her ein finn det ekte «Heimebane».

– Vi forsøkte jo til dømes å finne ein stad der vi kunne få kjøpt ei Varg IL-drakt. Men det fanst ikkje ei drakt å oppdrive. Kanskje vi må høyre med NRK Underholdning om dei sel drakter, seier han før han legg til:

– Kva med ein «Heimebane»-kafé, i kommunal regi, eller driven av kommunen og næringslivet saman, på eit av kjøpesentera til dømes? Eg trur det hadde vore relativt enkle grep som kunne vore gjort for å gjere det langt enklare og meir attraktivt å reise hit til Ulsteinvik. Slike ting hadde sett Ulsteinvik på kartet for alvor, det er eg overtydd om, seier Svein Bergheim.

Einig i innspela

Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp), ønskjer først og fremst å takke familien for innspela. Han må også innrømme at det absolutt er noko i det familien seier.

– Jau då, dei har nok mykje rett. Vi hadde også dette med reiseliv som tema på folkemøta som vi arrangerte i krinsane no i vår. Der snakka vi blant anna om korleis vi skulle utnytte den såkalla «Heimebane»-effekten betre. Eg meiner familien har gode poeng, seier Engh og legg til:

– Om det er kommunen eller næringslivet, eller begge i samråd som skulle gjort dette er også eit spørsmål. Kanskje kunne dette vore ei oppgåve for turistkontoret på Ulstein Arena? Kanskje supportergruppa til Hødd, Blåsarane, kunne selt «Heimebane»-effektar i sin butikk? At vi kan bli flinkare til å promotere «Heimebane» her lokalt er det nok inga tvil om. Dette er noko som kommunen bør jobbe meir med, og eg vil ta med meg dette til formannskapet og kommunestyret etter ferien, for å lage ein god plan for neste år. Vi hadde nok kanskje venta litt trykk i år, men det er neste år vi forventar det større trykket i forhold til «Heimebane», seier ordføraren.

heilt einig: Ordførar Knut Erik Engh meiner heilt klart Ulstein kommune og næringslivet kan fronte «Heimebane» meir sjølve. Foto: Arkiv. Foto: Ingvild Aursøy Måseide