– Vi køyrde ut til Flø og fann huset til Adrian Austnes (spelt av Axel Bøyum), vi fann Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) sitt hus og meiner på at vi såg kvar Michael Ellingsen (John Carew) bur. Så prøvde vi å komme oss inn på restauranten dei er på i serien, men det bygget blir visst brukt til noko heilt anna til vanleg. Eg veit jo at det er andre folk som bur der til kvardags, men det er kjekt å ha sett nokre av stadane der serien har blitt spelt inn – på ekte. Eg diggar «Heimebane» og Varg, seier Magnus.

Laurdag fekk Vikebladet Vestposten møte familien, som la turen innom Ulsteinvik under årets ferietur kring om i Norge. Magnus og kompisane hans heime på Sørlandet har sett alle episodane i første sesong av «Heimebane» tre-fire gonger, og hymna kan 14-åringen på rams.

– Men eg vil ikkje synge den her og no. Det blir litt flaut når mamma og pappa står her, seier Magnus til latter frå foreldra.

Underteikna viste familien rundt på Høddvoll, som i serien er Varg si heimebane, men med eit anna namn. Heldigvis hang Varg-logoen framleis oppe på Høddvollhuset, og der måtte det sjølvsagt takast ei mengde bilde. Magnus, som speler for Kristiansands-laget Just IL, skal vere med på Norway Cup, fortel han.

– Det blir ein innhaldsrik sommar dette, seier ungguten og smiler nøgd.

Måtte google for å finne Ulsteinvik

Magnus visste godt at det var i Ulsteinvik Varg heldt til, men visste ikkje kvar dette var på ekte.

– Nei, eg måtte nok gjere litt undersøkingar. Men eg fann raskt ut via Google at Ulsteinvik var ein liten by på Sunnmøre, og at det var heilt sant det eg såg i «Heimebane» – at det er utruleg fint her.

I ei av episodane tek ein av hovudpersonane, Adrian Austnes, seg ein joggetur kring om i Ulsteinvik-regionen. I realiteten er han innom alt ifrå Runde til Tjørvåg, til Flø på denne joggeturen. Truleg hadde han jogga mange mil om denne scena hadde funne stad i verkelegheita. Då underteikna fortalde litt om av fridomane NRK hadde tatt seg under produksjonen av serien, måtte berre familien flire godt.

– Klart, for oss som ikkje er herifrå er det mektig natur og flotte scener vi ser. Men det er jo litt artig korleis dei syr det heile saman då. Det har nok vore litt av ei oppleving for dykk som bur her å ha innspelinga av ein dramaserie midt i blant dykk, seier mor til Magnus, Elisabeth Thobro Bergheim.

– Vil gje borna store opplevingar

Familien Thobro Bergheim er kanskje ikkje heilt som andre familiar. Då mange vel å oppsøkje typiske feriedestinasjonar når dei har fri, vil denne familien helst dra dit det skjer spanande ting innanfor sportens verd. Far Svein Bergheim driv til dagleg Kristiansand Sykkelsenter, og familien har naturleg nok vore nokre gongar på sidelinja under ulike meisterskap. Han har blitt kjent som ”Vikingen”, etter å ha laga liv i både Tour de France, men også under meisterskap innan andre sportsgreiner, til dømes ski-VM i Holmenkollen.

– Vi har også to andre born, og dei er med på mykje dei også. Magnus er 14 år no, og skal vi ha ein «happy» tenåring i hus, så drar vi dit han helst har lyst. Då var Ulsteinvik staden han ville dra til i år. Vi foreldra får samstundes meske oss i vill og vakker sunnmørsnatur, så alt i alt er det vinn-vinn for alle partar. Vi har aldri vore på Sunnmøre før, så dette var eit godt val, seier Svein Bergheim smilande.

– No skal vi vidare til Kristiansund, og heilt til sist skal vi avslutte ferien vår på vegen på sjølvaste Ullared i Sverige. Svein og Magnus følgjer nemleg med på Morgan, Ola-Conny og resten av gjengen i den populære TV-serien. Alt dette handlar om at vi ønskjer å gje borna våre store opplevingar, og at vi ønskjer å la dei få bestemme litt også, seier Elisabeth Thobro Bergheim avslutningsvis.

Speler fotball sjølv: Magnus fann seg ein ball på Høddvoll-kunstgraset og viste fram litt av det han kan. No skal han snart spele Norway Cup med laget sitt, Just IL. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
– Fin utsikt: Familien Thobro Bergheim måtte stoppe litt og sjå på den flotte utsikta frå hovudtribunen på Høddvoll. – Det finnast vel knappast finare stadionanlegg enn dette i Norge, seier far Svein Bergheim. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll