– Årsaka er at vi vil at folk skal halde seg inn. Difor vil ikkje desse tilboda vere opne, seier ordførar Stian Skorgen Scheide.

Kriseleiinga i kommunen hadde møte i dag tidleg.

I går kveld vart det avgjort at alle skulane i kommunen skal stenge klokka 12.00, SFO klokka 13.00 og barnehagane klokka 14.00.

– Vi følgjer situasjonen nøye, og registrerer at farevarselet no er nedjustert frå raudt til oransje nivå. Vi ser likevel ingen grunn til å endre på det vi har bestemt, seier Scheide.

Også kulturskulen i Ulstein har avlyst undervisninga i dag.