Første bileta frå Sjøgata-prosjektet
Måndag 29. juli gjekk startskotet for miljøgata som skal byggjast i Ulsteinvik sentrum. Byggherre Statens vegvesen og entreprenør Volda Maskin har hatt feire, og gjekk straks i gang med arbeidet måndag morgon.
Betongkulvert
Med det er første byggjetrinn av Sjøgata i gang. I løpet av dette byggjetrinnet skal Sjøgata gravast opp i krysset mellom nedre Saunes og legekontoret, der det skal leggjast ned betongkulvert for Sauneselva og avslutningsvis byggjast rundkøyring.
Sjøgata vart stengd om lag klokka 09.00. Berre 30 minutt etter stenging var entreprenøren i sving med å grave opp gamle røyrleidningar og fjerne asfalt der kulverten skal ligge.
Arbeidet med første byggetrinn skal halde fram til mai 2014.