Innsendt av Ulstein Historielag og Ulstein kyrkje: Førstkomande søndag arrangerer Ulstein Historielag saman med Ulstein kyrkje kulturhistorisk vandring på Vik kyrkjegard. Me startar inne i kyrkja og vil fortelje om prosessen som førte til at kyrkja vart flytta frå Ulstein kyrkjestad. til Ulsteinvik eller Vik. Då hadde Ulstein vore kyrkjestad i om lag 700 år. Gravminnet til Anne Marta Myklebust er det første me vil omtale på vandringa ute. Det var Anne Marta Myklebust som gav skøyte til Ulstein kommune på tomt til kyrkja og kyrkjegard. Gravminnet ligg i vestre hjørne av kyrkjegarden og har i mange år vore overvakse med kratt, men det er no rydda slik at gravminnet har kome til syne. Me vil vandre vidare og stoppe opp ved gravminne til personar som hadde ei interessant livshistorie. Det er vanleg på dei kulturhistoriske vandringane at folk grip ordet og utdjupar det som blir fortalt. Dei mange jernkorsa på Vik kyrkjegard er eit klenodium, og Trudi Henrydotter Eikrem vil fortelje historia til desse korsa.

Me ynskjer alle vel møtt søndag 29. mai. John Osnes vil leie vandringa.