– Det er eit nytt bygg med fine lokale, dette er eg heilt sikker på blir kjempebra, seier rådmann Einar Vik Arset.

Foreldra vi har snakka med fortel at dei har fått lite eller ingen informasjon om flyttinga. Kva har du å seie til dei?

– Vi kan alltid bli betre på innbyggar- og brukarkontakt, men i dette tilfellet gjeld det altså primært ei ny oppmøteadresse. Det er eigentleg ikkje så mykje meir å informere om.

Men sidan dette er eit innsparingstiltak i kommunen er det vel naturleg at foreldra er uroa for at tilbodet til borna deira vert redusert?

– Til det kan eg seie at alle med såkalla enkeltvedtak skal halde fram med det same tilbodet, også etter flyttinga, seier Arset.

Han peikar på at Snoezelen-tilbodet på Reiten i dag har ni brukarar, som til saman er der 22 timar i veka.

– Det er rett nok ein del andre brukarar i tillegg, men det er veldig få andre kommunar i landet som har det Snoezelen-tilbodet Ulstein kommune har, seier rådmannen.

– Låg profil

Vikebladet Vestposten har bede om løyve til å kome inn og ta bilde av dei nye Snoezelen-lokala i dagsenteret. Svaret er nei.

– Vi vil halde ein låg profil. Vi er ingen part i denne saka, seier Kari Warholm, som er leiar for Holsekerdalen 24.

Ho fortel at ho gir avslaget etter å ha konferert med sjefen sin, omsorgssjef Marit Botnen.

Rådmannen seier at han sjølvsagt kan overprøve den avgjerda, men at det i dag er ingen brukarar der og at ikkje alt utstyret er på plass.

Politisk behandling

Tysdag denne veka fekk Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne ei orientering om Snoezelen-tilbodet. Orienteringa vart gitt av Gry Nordal, kommunalsjef oppvekst og kultur, og Marit Botnen, kommunalsjef for omsorg.

Leiar i rådet, Ottar Kaldhol frå Arbeidarpartiet, seier fellesrådet tok orienteringa til vitande.

– Sjølv om administrasjonen har fått beskjed om å snu alle steinar, så er det viktig at vi politikarar er opptekne av dei som treng tilbodet. Vi stilte difor ein del spørsmål, der vi var opptekne av om flyttinga ville minske kvaliteten på tilbodet. Svaret var at det vil det ikkje gjere.

Men dette er eit innsparingstiltak, korleis kan tilbodet haldast oppe?

– Det er faglege vurderingar som ligg til grunn her, og her må vi politikarar stole på dei som er fagpersonar, seier Kaldhol.

Også Levekårsutvalet diskuterte saka denne veka. Eit forslag frå Marianne Breivik vart samrøystes vedteke: «Levekårsutvalet ber om at Ulstein kommunestyre får ei grundig orientering i møtet i juni om Ulstein Kompetansesenter og Snoezelen.»

Kommunestyret har siste møte før sommaren torsdag 21. juni.

– Då er det naturleg at vi ved sakspapira legg ved eit kort notat, slik at politikarane har eit grunnlag for å stille spørsmål, seier rådmann Einar Vik Arset.