Det er tysdag morgon i tredje etasje på Ulstein Kompetansesenter. Tuva er 11 år og går i femte klasse på Hasund skule. No sit ho i gangen og har teke av seg jakke, sko og caps. På døra står det Snoezelen, barfotsone. Avdelingsleiar Turid Berg-Rusten har følgt Tuva heilt sidan ho starta på Snoezelen då ho var knapt to år gamal.

– Det er lett å tenkje på syn, høyrsel, smak og lukt som dei einaste sansane. Men her på Snoezelen stimulerer vi også dei andre sansane, som er ledd- og muskelsans, balansesans og berøringssansen, fortel Berg-Rusten.

Tuva er godt kjend i alle dei ulike romma, og går først til det grøne rommet, som er det sansemotoriske rommet. Til saman er arealet på rundt 80 kvadratmeter. Dei ulike romma har kvar sin farge og kvar sin misjon.

– Vi har prøvd å utnytte heile arealet her. Også her i gangen vert berøringssansen stimulert ved at brukarane går berrføtt, fortel Berg-Rusten.

Ho fortel at Snoezelen er eit nederlandsk uttrykk, samansett av orda for snuse og døse.

– Det handlar om stimulere til rørsle og til å bruke sansane på eiga hand. Det er også mange som treng å finne ro, så her i det kvite rommet er det mogleg å kjenne på at det er godt å slappe av.

Tuva er litt utolmodig denne morgonen, for mora, Cecilie Hatløy, har lovd å kome innom Snoezelen for å snakke med lokalavisa. Det er nemleg slik at tilbodet på Reiten skal leggast ned og flyttast til dagsenteret i Holsekerdalen 24.

– Vi har eigentleg ikkje fått noko informasjon frå kommunen. Eg fekk berre høyre det frå ei anna mor, som var veldig fortvila, seier Hatløy då ho har kome inn døra.

Også for nokre år sidan, i 2013, var det foreslått å legge ned Snoezelen-tilbodet på Reiten. Den gongen vart tilbodet berga ved at kommunestyret tok det inn att i budsjettet.

– Eg veit ikkje om eg har kapasitet til å ta denne kampen igjen. Rett og slett fordi vi som har borna våre her, har så mange andre kampar vi må ta, seier ho.

Vikebladet Vestposten har snakka med fleire andre foreldre som er uroa for korleis tilbodet blir når alt skal samlast i Holsekerdalen 24. Dei peikar på at dette er ein del av sparepakken i Ulstein kommune og at det då er logisk at tilbodet vert redusert.

– Vi veit ikkje korleis dette blir. Det blir kanskje ikkje så mykje støy av å legge ned Snoezelen her på Reiten, for brukarane her klarer ikkje å tale si eiga sak. Dei er avhengige av at foreldra skal orke å ta kampen. Det er i alle fall utruleg kortsiktig tenkt av kommunen, for dess meir det vert kutta i tilbodet til dei svakaste, dess meir ressursar kjem dei til å ha behov for om nokre år, seier Cecilie Hatløy.

Ho fortel at dottera har hatt stor glede og nytte av å vere på Snoezelen to timar i veka.

– Allereie då ho var baby oppdaga vi at ho ikkje tolte berøring, til dømes krympa ho seg veldig viss vi strauk henne på kinnet. Det har kome seg veldig, mykje takka vere timane Turid og Tuva har hatt saman her. Tuva har hatt behov for alle romma som er her, seier Hatløy.

Tuva er no tilbake i grønerommet etter ein tur innom det gule rommet. Der har ho og Turid øvd på munn- og tungemotorikk. No skal ho øve på balanse og trene magemusklar.

– Du lurte kanskje på kvifor Tuva måtte ta av seg lestane i stad, men det er altså for at ho skal øve opp berøringssansen under føtene, fortel Turid Berg-Rusten.

– Kompetansen til Turid er unik. Viss dette vert nedlagt, og Turid får redusert stilling, fryktar eg at tilbodet ikkje vert like godt som no, seier Cecilie Hatløy.

Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset, er sikker på at det nye tilbodet vert godt: