Reisefølgjet på 73 personar kom fram til hotella i Aktobe om lag klokka 14.15 norsk tid, 17.15 vestkasakhstansk tid.

Nokre hadde stått opp allereie før klokka 04.00 for å bli med på denne unike ferda. Sjølve flyturen tok nærare fire og éin halv time.

Fire personar fekk derimot ikkje vere med, spelarane Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu, samt to supporterar.

Klokka 16.15 vert det pressekonferanse for Aktobes lag, medan Hødd har pressekonferanse klokka 18.15 (begge norske tider).

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med siste nytt etter desse konferansane.

Hødd har med denne troppen til Aktobe (14 utespelarar og tre keeperar):

Keeperar: Andreas Lie, Jan Lennart Urke, Ole Monrad AlmeForsvarar: Tobias Nygård Vibe, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth BrandalMidtbanespelarar: Andreas Rekdal, Fredrik Aursnes, Erik Sandal, Bendik Torset, Eirik HeltneAngriparar: Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen, Rune Ertsås, Robin Hjelmeseth

Alle foto i bildeserien: Einar Orten Trovåg