På nettsida si skriv kommunen at alle skulane sluttar klokka 12.55 i dag. Skuleskyssen går klokka 13.00.

Barnehage, SFO, kulturskulen og ressurssenteret stengjer klokka 15.00.

– Vi oppmodar føresette som har moglegheit til å hente barna tidlegare frå barnehage og SFO om å gjere det. Føresette bør vurdere å hente også dei barna som normalt sett går heim åleine, skriv kommunen.

I morgon, torsdag 1. februar, har Hareid kommune denne planen:

«Vanleg dag og opningstider i skule, barnehage, SFO, kulturskulen og ressurssenteret. Vi følgjer utviklinga og sender ut informasjon ved eventuelle endringar.»