– I dag er eg sjeleglad for at ho som no er sambuaren min pusha meg til å ta den telefonen til legen. Sjølv såg eg ikkje kor gale det stod til med meg. Men verda mi hadde over tid vorte mindre og mindre, eg hadde isolert meg frå alt sosialt. Og eg hadde bestemt meg for å ta mitt eige liv. Eg hadde ikkje fastsett datoen og korleis eg skulle gjere det, men sjølvmord stod igjen som den einaste utvegen. Det verste er at eg kjende ei enorm lette då eg hadde bestemt meg.

Det sa Ole Martinus Breivik til Vikebladet Vestposten tidlegare i haust. I ein artikkel i samband med verdsdagen for psykisk helse opna 36-åringen opp om dei vanskelege tankane og om kva som måtte til for at han skulle søke hjelp.

Onsdag denne veka er Ole Martinus gjest i månadens utgåve av Psykologtimen med Tomas Brandal Myklebust. Psykologtimen frå Ulstein Bibliotek går 20.00 onsdag 2. november.

Slik skildrar arrangørane den komande Psykologtimen.

«I denne månadens utgåve av Psykologtimen får du høyre ei sterk historie frå ein mann, som håpar at hans erfaring kan bidra til å hjelpe andre i same situasjon.

Mange kjenner nok Ole Martinus Breivik som ein ressurssterk og livsglad fyr. Men dessverre kan skinnet bedra.

– Ute blant folk har eg alltid vore flink til å late som alt er bra, ta på ei maske, og skjule dei vonde tankane mine. Heilt sidan barneskulen vart eg mobba, både psykisk og fysisk. På ungdomsskulen vart det ikkje noko betre. Etter kvart akkumulert alt dette seg til ei meiningslaus mørk verd, også no i voksen alder.

Ole Martinus har vore nede i den mørkaste dal. Så kolsvart har det vore at han ikkje ville leve lenger. Han såg ikkje meininga med livet, og bestemte seg for å avslutte det.

Heldigvis fekk han hjelp»