Bortelaget var litt uheldige og fekk skadar på både Marius Rise og Kjetil Steinsvik Paulsen før kampstart. Hødd stilte med åtte a-spelarar, to juniorar, pluss finske Patrick Byaskata frå start. Etter kvart fekk mange unggutar prøve seg.

Mållaust første 30

Innleiingsvis var kampen nokså jamn. Men Hødd var det mest skapande laget. Den første halvtimen noterte vi gode moglegheiter ved Ruben-Kenneth Brandal og Franjo Tepuric (x 2). Loket hadde eit par fine angrep på si venstreside ved Andreas Melhus, men han klarte ikkje å overliste Ole Monrad Alme.

Hødd dominerte stort det siste kvarteret før pause og scora då heile tre mål. 1-0 kom då Robin Hjelmeseth vart spelt vakkert gjennom av Nils-Erik Engen. Hjelmeseth slo ballen hardt inne i boksen, der Franjo Tepuric "maga" den vidare i mål. Både 2-0 og 3-0 var flotte skot som gjekk rett i vinkelen. Først Henrik Grimstad og like før pause Ruben-Kenneth Brandal (fint forarbeid av Engen og Grimstad).

To Heltne-mål

Unge Engen kunne ha scora sjølv etter 50 minutt, men mista balansen i det han skulle avslutte. Men seks minutt seinare fekk Engen scoringa si etter å ha runda keeper. Lokomotiv Oslo var i grunnen brukbart med i banespelet, men dei har litt å jobbe med inne i eigen boks. Etter 63 minutt var det keeper Kim René Vågeskar som gav ein uheldig retur. Vegard Heltne nytta sjansen til å sette inn 5-0 frå kort hald.

Etter 69 minutt fekk bortelaget ei tilsynelatande billeg straffe. Uansett var Olav Tvedt sikker frå 11-metersmerket. Fem minutt før slutt scora Vegard Heltne igjen, denne gongen direkte frå corner. Og på overtid fekk brandølingen Roy-Inge Brandal redusere på noko som likna veldig på eit innleggsforsøk (utan at vi skal ta frå han æra for noko som helst). Dermed 6-2 etter mykje god underhaldning dei siste 60 minutta.

Godt nøgd trenar

- Eg er godt nøgd med denne kampen. Det kladda litt for oss det første kvarteret, men deretter var vi veldig gode inn mot pause. Vi var gode både på balltempo og tempo på føtene i 2. omgang og avgjorde kampen relativt tidleg. Vi spelte mykje god fotball i dag. Ting som vi har jobba med inn mot kamp og tidlegare i sesongen viste godt igjen. Det er bra. Alt i alt ein bra kamp. Mange unge spelarar kom inn på og klarte seg veldig godt, oppsummerer Hødd-trenar Kenneth Moldskred.

- Svakare enn forventa

Lokomotiv Oslo-trenar Arthur Bakke Garnes var ikkje like nøgd.

- Vi presterte litt svakare enn forventa. Kanskje vi har vore litt naive inn mot kampen. Det har vore mykje snø i Oslo den siste tida, slik at vi ikkje har fått trena like bra som ønskjeleg. Men eg trur vi kjem til å kome oss no framover. Vi var jo også litt uheldige med skadar inn mot denne kampen. Ein vart skadd for to dagar sidan. Så vart Marius Rise skadd på treninga før i dag og Kjetil Steinsvik Paulsen under oppvarminga til kampen. Så troppen begynner å bli litt tynn. Kort oppsummert vann Hødd fortent. Dei har eit godt trena lag, og som nyopprykka 3.-divisjonslag er vi ikkje oppe på deira nivå. Men til tider spelte vi bra fotball. Eg sat med ei kjensle av at vi var meir med i banespelet enn målprotokollen viser.

Lokomotiv Oslo møter Hareid på Hareidsmyrane stadion laurdag 16.00 før dei reiser tilbake til Oslo.

KampfaktaTreningskamp, 28. februarHødd A/B - Lokomotiv Oslo 6-2 (3-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 140Mål: 1-0 Tepuric (31), 2-0 Grimstad (38), 3-0 R. K. Brandal (45), 4-0 Engen (56), 5-0 Heltne (63), 5-1 Olav Tvedt (69, straffe), 6-1 Heltne (85), 6-2 R. I. Brandal (90)Dommar: Torgeir Halsen, Ørsta ILIngen kortHødd (4-3-3): Ole Monrad Alme (Sivert Pieroth 85) - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist (K) (Torvald Ringstad 46), Audun Øvrelid (Eirik Sundgot Kristiansen 64), Ruben-Kenneth Brandal - Henrik Grimstad (Bendik Rise 46), Patrick Byskata (Sondre Beite 74), Nils-Erik Engen (Alexander Eksund 70) - Robin Hjelmeseth (Martin Mork Breivik 46), Franjo Tepuric (Benjamin Mork Kleppe 46), Vegard Heltne. Kjentfolk på bana for Lokomotiv Oslo: Kim René Vågeskar, Roy-Inge Brandal, Torgeir Skeide, Emil Vallas Viddal, Joachim Røyset, Åge Møgster.

PS. Ein periode i 2. omgang hadde Hødd heile fem hareidsdølingar og fire frå Ulstein på bana samtidig. Det må vel vere det mest lokale laget Hødd har stilt på lenge?