Det var ikkje berre Karsten Warholm som kunne syne til gode resultat i Ulsteinhallen sist helg.

Klubbkamerat Jonas André Ose var mellom dei som hadde forma inne. Under Dimna Games laurdag sette han ny personleg rekord på 60 meter med tida 7.06 og dagen etter, under KM, pressa han seg ytterlegare eit par hundredelar kjappare med tida 7.04. Jonas, som no har rykt opp ein aldersklasse, sette i november i fjor ny noregsrekord på 60 meter i klassen 15 år, med tida 7.08.

– Det har vore eit flott kretsmeisterskap, med veldig bra oppslutning og mange gode resultat, seier ein nøgd Arve Hatløy, sportsleg leiar i Dimna IL.

– Medan Jonas var den som hevda seg best under KM på gutesida, har Dimna hatt fleire jenter som har gjort det svært bra under dette meisterskapet. Andrea Skaar Berg har til dømes tatt omtrent det som finst av gull i øvingane for jenter 13 år. Ho er ein allsidig utøvar som er flink i det meste, seier Hatløy.

– Når det gjeld dei litt eldre jentene gjorde Camilla Svoren det svært bra både på 400 og 600 meter i klassen jenter 14 år. Elin Skavnes Våge er ein utøvar som er heilt i noregstoppen innan kulestøt. Eg vil også trekke fram Anna Garnes Kleven (16) som gjorde det godt både i lengde og på 400 meter, og Caroline Sætre (17) som hadde ein fin 400 meter under Dimna Games laurdag. Også lengdehoppar Johanne Rise Kvalen har forma inne, seier Arve Hatløy.

Senior-NM neste

Neste helg ventar innandørs Senior-NM i Bærum. Då stiller Dimna med ein tropp på rundt ti utøvarar.

– Resultata under KM og Dimna Games provar at vi er i rute, slår Hatløy fast.

Det opne kretsmeisterskapet i Ulsteinhallen laurdag og søndag samla utøvarar frå over 30 klubbar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– I alt deltok 295 deltakarar på meisterskapet og dei fleste deltok i fleire øvingar. I alt vart det gjennomført 897 startar i løpet av desse to dagane. Utøvarane var frå tre år og oppover til senior. Å arrangere Dimna Games som ein del av KM var også svært vellukka. Laurdagen hadde vi fulle tribunar og stor stemning under det som må seiast å vere helgas store høgdepunkt, seier Arve Hatløy

Når det gjeld opplegget dei komande vekene kan Hatløy opplyse følgjande:

– Etter Senior-NM vert det ein månad med trening før vi stiller opp på UM i Steinkjer og NM i mangekamp på Sandnes.