Hødd stadfesta både utlånet av Latifu og overgangen til Ingebrigtsen i ei pressemelding fredag kveld.

Dei siste dagane har Sunnmørsposten skrive fleire saker om det som blir kalla eit dårleg samarbeidsklima mellom Hødd og AaFK. Den moglege overgangen til Akeem Latifu har utløyst diskusjonen.

– Det har vore ein del spekulasjonar den siste tida rundt Akeem Latifu og interessa frå AaFK. Det har vore ei komplisert sak, og "dialogen" som har pågått i media dei siste dagane er noko Hødd gjerne skulle vore utan, skriv Ulstein-klubben i pressemeldinga.

Latifu ville bort

Hødd stadfestar at AaFK har kome med eit overgangsbod på nigerianaren.

– For Hødd sin del var det uaktuelt å godta tilbodet AaFK kom med. I Hødd var dei eit ønskje at Akeem skulle blir verande i haust, men Akeem sjølv uttrykte eit sterkt ønskje om eit klubbskifte, som gjorde det svært vanskeleg å fullføre hausten saman, skriv klubben.

Dette gjorde at Hødd konkluderte med at den beste løysinga var at Latifu vart utleigd til AaFK i haust.

Høgrebacken har spelt i Hødd-trøya sidan 2011.

Nøgde med erstattaren

Trass i turbulensen rundt situasjonen til Latifu, er Hødd nøgde med at Jonas Ingebrigtsen er på plass som erstattar.

– Vi har vore klare over Jonas lenge, og har sett han i aksjon for Herd fleire gongar. Han er ein spennande backtype med offensive kvalitetar. I tillegg er han ein lokal spelar med stort utviklingspotensial, seier André Nevstad, dagleg leiar i Hødd.

Ingebrigtsen har vore på prøvespel på Høddvoll tidlegare denne veka.

Hjelmeseth blir lånt ut

Hødd har i tillegg blitt einige med Robin Hjelmeseth om å forlengje kontrakten hans ut 2014-sesongen. Samstundes er det avtalt at spissen blir utlånt til Herd resten av 2013-sesongen.

– Robin har fått avgrensa speletid på førstelaget vårt denne sesongen, men er ein spelar med gode haldningar som vil ønskte å ha med vidare i utviklingsmiljøet vårt. Derfor forlengjer vi avtalen med han.

Hjelmeseth ønskte sjølv å gå til Herd på utlån, noko Hødd aksepterte.

Ønskjer sportsleg fokus

– No ser vi fram til å få alt fokuset på det sportslege og kampane som kjem. Vi har ein spennande stall med gode fotballspelarar og ei blanding av rutine og nye spelarar, skriv Hødd.

Franjo Tepuric (spiss), Eirik Ulland Andersen (midtbane/kant) og no Jonas Ingebrigtsen (back) har kome inn i Hødd-stallen i sommarvindauget i overgangsmarknaden.

Pål André Helland, Eirik Heltne, Robin Hjelmeseth og Akeem Latifu er ute av Hødd-stallen for resten av sesongen. Helland er seld til Rosenborg, medan Eirik Heltne har meldt overgang til Herd.

Jonas Ingebrigtsen (til høgre) var på prøvespel på Høddvoll tidlegare denne veka. No er høgrebacken klar for Hødd som erstattar for Akeem Latifu. Her er han saman med Eirik Ulland Andersen, ein annan fersk Hødd-spelar. Foto: Joakim Rødven
Akeem Latifu har spelt for Hødd sidan 2011. Her er han saman med trenar Lars Arne Nilsen tidlegare i år.
Robin Hjelmeseth er utlånt til Herd for resten av sesongen. Han har samstundes forlengja kontrakten sin med Hødd ut 2014-sesongen.