Men først:

- Er du seriøs. Var du der den sesongen, spør Robin meg - på ein bestemt, men høfleg måte.

- Ja, det var i mars eller april 2008 , svarer eg.

- Å ja, då så. Eg trur eg var lånt ut frå AFC Wimbledon til Harrow Borough på den tida. Eller vent litt. Hugsar du kven AFC spelte mot kampen du var der, spør Robin.

Og ser ned på wikipedia-statistikken hans - som eg har printa ut før møtet.

- Ja, vent då. Det var Billericay Town. Kvite drakter. AFC vann 2-1.

- Visst vart det 2-1. Eg vart matchvinnar! På overtid!

Matchvinnar som innbytar

No er Robin i hundre over lunsjbordet på Kaffibaren. Eg også. For seks år sidan (5. april  2008 - etter å ha sjekka det) var eg på Kingsmeadow stadium og såg AFC Wimbledon slå Billericay Town 2-1. Innbytar Robin Shroot vart matchvinnar. Eg og ein kompis frå Lofoten skreiv avsluttande oppgåve på journalistikkhøgskulen om Røkke og Gjelsten sitt oppkjøp av Wimbledon FC. Klubben vart flytta til Milton Keynes og skifta namn. Supporterane starta opp ein ny klubb; AFC Wimbledon. Så vi skulle sjå éin kamp med AFC (nivå sju) og ein med Milton Keynes i høve oppgåva.

Vi får summa oss. Eg avtalar med Robin at eg skal sende han bileta eg tok på Kingsmeadow for seks år sidan.

- Lei engelsk fotball

Robin har spelt for ei rekkje klubbar i England. Han spelte éin offisiell kamp for Birmingham og 75 for League 1 (nivå tre)-klubben Stevenage. Men tilliten frå manageren avtok gjennom vinteren. Robin var på prøvespel med Sarpsborg 08 i januar. Det vart ikkje noko der. Men samtidig fekk Hødd og André Nevstad nyss i Robin Shroot. Fredag sist veke reiste han til Ulsteinvik for å bli Hødd-spelar. Og søndag scora han i debuten. Då må det vere lov å spørje: Kvifor Hødd, Robin?

- Du forstår. Eg fekk eit bra inntrykk av norsk fotball då eg var i Sarpsborg. Eg er rett og slett lei av engelsk fotball og ville prøve noko anna. Du verden. Det er bra nivå i Premier League. Det er fantastisk å sjå på. Men laga i divisjonane under spelar ikkje fotball. Det er fysisk store spelarar som hamrar ballen i veg. Eg er ikkje stor. Eg har ikkje tempo. Derfor passar eg ikkje inn der. Men eg har eit godt fotballhovud. Og spelar med bra humør. Eg har også for vane å score mange mål. Så ja. Eg føler meg trygg på at Hødd er det rette for meg, forklarer Robin.

Ein seriøs utøvar

Han vaks opp i Hammersmith-området i sørvest-London. Likevel har han spelt fleire kampar for det nordiske U21-landslaget - fordi bestemora er derifrå. Robin føler seg slik sett både engelsk og nordirsk. Og om nokon trur Hødd har henta ein halvmotivert lykkejeger som kjem hit for å tene pengar - tru om igjen. Robin er ein svært seriøs idrettsutøvar. Han trenar to gonger dagleg, i tillegg til å drive med yoga. Alkohol drikk han aldri.

- Eg veit mykje om norsk fotball, også litt om Hødd. Det er for meg å seie kor gode lagkameratane er. Men det vart tredjeplass i fjor. Og det hadde vore ein draum å rykkje opp til Tippeligaen med Hødd, smiler Robin.

Og etter karrieren? Då vil han gjerne jobbe med TV. Han har starta på ei medieutdanning som han har pause frå no. Planen er å studere litt sosiologi på nett her i Norge. Men først og fremst å gi Hødd-fansen noko å juble for.

Vi gler oss allereie.