– Stabæk er knapp favoritt i kraft av at dei har eitt poeng å gå på. Men om Bodø/Glimt spelar opp mot normalt slår dei Stabæk til helga. Så får vi sjå kor mykje Glimt klarer å mobilisere. Mjøndalen–Hødd er ein open kamp med Mjøndalen som knapp favoritt. Mjøndalen har brukt å vere gode om hausten, spesielt på heimebane. No møter dei eit Hødd-lag som må klare seg utan både Aursnes og Sandal. HamKam er også innblanda i opprykkskampen, men sidan dei må gå forbi to lag, ser eg ikkje det som veldig sannsynleg at dei går opp, vurderer Berntsen.

– Imponerande

Som før sesongen tippa Hødd midt på tabellen i Adeccoligaen.

– Om Strømsgodset vinn Tippeligaen er det sjølvsagt logisk at Ronny Deila blir kåra til årets trenar i Norge. Men Hødds Lars Arne Nilsen må nemnast saman med Jostein Grindhaug i FK Haugesund og Petter Belsvik i Stabæk. I fjor var det like før Hødd rykte ned. Og sidan den gong har dei mista fleire sentrale spelarar. At dei då likevel kjempar om opprykk er både overraskande og imponerande, meiner Thomas Berntsen.

– For få poeng

Han er sjølv tilsett som sportssjef i Sarpsborg 08, eit lag som dei siste åra har rykt opp og ned mellom Tippeligaen og Adeccoligaen.

– Det er ikkje nødvendigvis noko kvalitetsteikn for Adeccoligaen at det andre laget som rykkjer opp berre har nokre få og 50 poeng. Litt flåsete sagt er det berre Bodø/Glimt som har vist at dei held Tippeliga-nivå i år. Sjølve rykte vi opp i fjor med 63 poeng og kjempar om å halde oss i Tippeligaen. Men det er ikkje sikkert Hødd blir ein kasteball om dei rykkjer opp. Det er neppe mange lag som ser fram til å møte Hødd på Høddvoll, så heime kan dei ta ein del poeng, trur Adeccoliga-eksperten Thomas Berntsen.

- Rykkjer ikkje opp

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen er positivt overraska over det Lars Arne Nilsen har fått ut av årets Hødd-mannskap, men tvilar sterkt på at Hødd rykkjer opp til Tippeligaen.

- Eg trur Stabæk rykkjer opp. Dei har eitt poengs forsprang på Hødd og kan også rykkje opp med tap. Og eg reknar også det som meir sannsynleg at HamKam rykkjer opp enn at Hødd gjer det. For eg ser ikkje for meg at Hødd slår oss her nede. Vi får truleg tilbake fem av dei seks som ikkje kunne spele vår siste kamp mot Vard Haugesund. Samtidig manglar Hødd to av sine tre sentrale midtbanespelarar (Aursnes og Sandal). I tillegg er førstekeeperen deira (Lie) ute. Så Hødd stiller svekka. Vi har også ein god statistikk mot Hødd her nede. Eg ser for meg ein kamp der vi kjem til å ha ballen mest, og vi er gode nok offensivt til å skape mange sjansar og score fleire mål, seier Vegard Hansen til Vikebladet Vestposten.

Mål om kvalik

Mannen som på midten av 90-talet spelte 37 kampar for Bristol City leia Mjøndalen til 4.-plass i Adeccoligaen i fjor. Men dei klarte ikkje å kome seg vidare frå første kvalifiseringsrunde. I år hadde Buskerud-laget eit uttala mål om kvalifisering. Skal dei klare det, må det bli siger mot Hødd, samtidig som Bryne eller Ranheim taper i siste serierunde (møter høvesvis Vard Haugesund heime og HamKam borte).

– Både i år og i fjor har vi vore best om hausten, sjølv om vi også har tapt nokre kampar den siste tida, forklarer Vegard Hansen.

– Hødd betre før

Som har gått på trenarkurs med Lars Arne Nilsen, og såleis veit korleis Hødd-trenaren tenkjer fotball. Men ifølgje Hansen er ikkje årets Hødd-utgåve sterkare enn i 2012 eller 2011.

– Eg synest eigentleg Hødd var betre dei to føregåande sesongane. Dei spelte i alle fall meir underhaldande fotball. I fjor var det ein dårleg start som øydela mykje for Hødd. Utover denne sesongen har dei spelt meir direkte fotball. Men når det er sagt synest eg Hødd har fått mykje ut av spelarmaterialet sitt. Dei har jo mista fleire sentrale spelarar, og mellom anna henta inn ein høgreback rett frå 3.-divisjon (Ingebrigtsen). All ære til Hødd, men det er kanskje litt tilfeldig at det er dei og ikkje andre lag som kjempar om opprykk éin runde før slutt. Bak Bodø/Glimt og langt nedover på tabellen er laga i Adeccoligaen jamgode, meiner Mjøndalen-trenar Hansen.

Les også:

* Ny Grodås-kontrakt

* Ventar fullsett stadion

* Historisk tilbakeblikk med Kjetil Hasund (Video)

* Seks bussar til Drammen

* Reaksjonar etter Hødd - Follo

* Midtbaneduo må sone

* Tabellen