Det var berre Aktobes andre tap i offisielle kampar i år. På 19 seriekampar har dei 13 sigrar, fire uavgjorte og altså to tap. Avstanden ned til FC Astana på andreplass er seks poeng.

I den heimlege cupen er Aktobe klare for semifinale etter 3-1-siger mot Ordabasy i juni.

Og i Europaligaen vann Aktobe 2–1 i begge kampane mot armenske Gandzasar Kaban.

4 x Champions League

I fjor vart Aktobe nummer tre i den kasakhstanske elitedivisjonen, berre tre poeng bak seriemeistrane Shakhtyor Karagandy.

Også i 2011 vart Aktobe nummer tre i serien. Dei tok sølv i 2010 og gull i 2009, 2008, 2007 og 2005.

I 2006, 2008, 2009 og 2010 deltok Aktobe i kvalifiseringa til Champions League. I 2009 og 2010 kom dei til tredje runde, med tap mot høvesvis Maccabi Haifa (Israel) og Hapoel Tel Aviv (Israel) som fasit. Tapet mot Hapoel Tel Aviv sende Aktobe til play off-runden i Europaligaen, der dei tapte 3–2 mot nederlandske AZ Alkmaar over to kampar.

Tapte mot Genk

Også i 2007, 2010, 2011 og 2012 deltok Aktobe i Europa-ligaen. I fjor som i år gjekk dei inn i første kvalifiseringsrunde. Først vart georgiske FC Torpedo Kutaisi slått totalt 2-1, deretter moldovske FC Milsami 5–4. Aktobe gjekk ut i tredje kvalifiseringsrunde etter 4-2-tap samanlagt mot belgiske Genk.

Det er altså eit lag med mykje erfaring frå Europa-spel Hødd skal møte torsdag.

Kjem i morgon

Aktobe kjem til Ulsteinvik onsdag og skal gjennomføre ei trening på Høddvoll om kvelden. Berre første del av treninga er open for publikum (hittil ukjent korleis det skal løysast reint praktisk).

Les også:

* Uaktuelle torsdag

* Hødd-sesongen del 1

* Aktuell for Hødd

* - Kjekt å oppleve noko nytt

* Politiet er klare

* Aktobe vann