Hødd såg ut til å gå sakte, men sikkert mot ein 1-0-siger mot Ull/Kisa søndag. Med fire tilleggsminutt kunne alt ha skjedd i sluttminutta, med på overtid skulle nykomaren Eirik Ulland Andersen feia all tvil til side.

- Eg fekk faktisk beskjed av Sivert (Heltne Nilsen) om å spele ballen ut mot cornerflagget, men eg hadde allereie bestemt meg for å skyte. Så eg stilte meg roleg opp og skrudde ballen over muren og ned i hjørnet, skildrar 23-åringen.

I ettertid har Nilsen korrigert Andersen, som meiner han misforstod.

- Vi snakka om den situasjonen etter kampen. Det eg meinte var at han skulle gå ut mot cornerflagget før vi fekk frisparket. Er du galen? Sjølvsagt skal han skyte frå 18 meter, skriv Nilsen i ei melding til Vikebladet Vestposten.

Uansett var det få på tribunen som forstod kva som eigentleg skjedde i det ballen gjekk i mål. Keeper Alexander Vangen stod fastgrodd i bakken og dei fleste rekna truleg med at ballen gjekk utanfor. Det gjorde den ikkje.

- Ballen gjekk jo heilt nede i sida, så eg får heller sjå på det som eit godt frispark i staden for svakt keeperspel, humrar Andersen.

Draumetreff av Rekdal

Før pause var det cupfinalehelten Andreas Rekdal som stod bak skåringa.

Ballen vart klarert ut av Ull/Kisas femmeter, men på om lag 17-18 meter stod sandssokningen på perfekt skothald, og trefte klokkereint på ballen.

Men å få kula dit han ville, var ei tolmodsprøve.

- Ballen gjekk så utruleg høgt veit du, så eg måtte vente såpass lenge at ballen er langt nok nede - og det klarte eg. Så det var utruleg godt å sjå den gå inn, forklarar Rekdal.

- Kamp vi skulle vinne

Men det viktigaste for Rekdal og Andersen var at tre nye poeng vart innkassert.

- Ja, dette var ein kamp vi skulle vinne dersom vi skal henge med. Med tanke på at vi tok eit viktig poeng sist (mot Ranheim), så ser det veldig bra ut akkurat no, stadfestar Andersen.

Som er glad for at han er i Hødd denne hausten.

- Eg er glad eg er i Hødd og får kjempe om å vere heilt der oppe på tabellen i staden for å vere involert i ein nedrykksstrid, vedgår han.

Ingen enkle kampar

Frå kantposisjonen sin meinte Andersen at Hødd hadde eit greitt tak på gjestene. Ull/Kisa hadde to avslutningar i stolpen, men utanom desse sjansane var det lite dei fekk til framover.

- Dei spelte ein god del langt mot spissen deira, men vi stoppa dei godt. Vi hadde eigentleg grei kontroll heile tida - utanom dei stolpetreffa dei hadde, seier Andersen.

Kampplanen til Hødd var ifølgje Andersen å presse Ull/Kisa høgt oppe og vise at dei ville ha desse poenga meir enn gjestene. For i Adeccoligaen er det ikkje nokre enkle kampar, meiner han.

- Aboslutt ikkje. Vi ser jo det at alle slår alle, så det blir litt feil å tenkje at vi har eit enkelt kampprogram igjen, avviser han.