- Nei, det var kjekt det, svarar ungguten Nils Erik Engen på spørsmål om innhoppet i hans første kamp for Hødds a-lag.

Like etter at Eirik Ulland Andersen skrudde inn 2-0 på overtid, vart ungguten byta inn av trenar Lars Arne Nilsen.

Engen sjølv takkar for at trenaren gav han moglegheita.

- Det er veldig kjekt at dei gir meg tillita slik at eg får prøve meg på eit enda høgare nivå, gliser 16-åringen.

- Spelar kvar som helst

I bakgrunnen høyrer vi rekruttrenar Kenneth Moldskred som snik inn "éi pasning, eitt treff. 100 prosent utteljing".

- Er du letta over at prestasjonane dine i 3.-divisjon har gitt deg sjansen til å ta eitt steg opp, Nils-Erik?

- Det er jo det eg jobbar mot, så endeleg fekk eg debuten min. Det er noko eg har sett veldig fram til, understrekar han.

Les også: Hødd - Ull/Kisa 2-0

Og innhoppet hans har gitt han motivajon til å stå på endå meir framover. Kvar på banen han eventuelt får sjansen spelar inga rolle.

- Eg håpar jo på å få fleire innhopp. Eg likar best å spele sentralt, men eg spelar der dei plasserer meg, seier Engen.

- Så om dei skulle plassere deg som back, så seier du ja?

- Ja, det er heilt i orden. Så lenge eg får spele så er det heilt greitt, hintar han.

Vil inn i laget

Den unge midtbanespelaren håper at debuten hans kan gjere det enklare for han å kome inn i laget på sikt.

- Eg håper at eg kan få vere med å trene vidare med a-laget og kanskje få eit par innhopp til. Ein gong i framtida håper eg at eg kan få spele fast, seier den ambisiøse ungguten.