Magnussen vart spelt gjennom av Erik Sandal. Inne i feltet vart han hindra av ein Ranheim-spelaren før han gjekk i bakken. Men straffe vart det ikkje.

- Eg var klar for å avslutte med venstrefoten. Ranheim-spelaren sprang inn i ryggen min. Eg ville jo helst stå på føtene og avslutte, kontra å gå i bakken der. Ranheim-spelaren var ikkje på ball i det heile, seier Joachim Magnussen.

Vikebladet Vestposten sit på ein del bilete frå situasjonen, og vi gjekk gjennom desse i lagbussen på veg heim frå Trondheim. Magnussen vart ikkje mindre klar i si sak etter å ha sett bileta.

- Det hadde blitt ein heilt annan kamp om vi hadde fått straffe og mål etter den situasjonen. Men slik kampen utvikla seg var det utruleg herleg å få med seg eitt poeng til slutt, seier Joachim Magnussen.

Les også:

* Dødballsuksess for Andersen

* Kampreferat

Mykje kan tyde på at Magnussen skulle hatt straffe i denne situasjonen.