Begge vart signerte like før overgangsvindauget stengte og debuterte borte mot HamKam sist runde. Då spelte Andersen på venstresida. I dag utgjorde dei to nykomarane Hødd si høgreside.

Andersens scoring etter 31 minutt var Hødds første i serien på heimebane sidan Steffen Moltus nettkjenning mot Mjøndalen 26. mai. Det vil seie 341 ordinære speleminutt utan scoring på Høddvoll.

- Stas med scoring

Eirik Ulland Andersen spelte ein god kamp elles og viste ved fleire høve at han har god arbeidskapasitet og ein giftig høgrefot.

– Det var først og fremst gøy å ta tre poeng i dag. Det var stas å bidra med scoring og heile pakken. Eg fekk ei god pasning frå Erik (Sandal). Ballen spratt litt etter det første touchet mitt, men eg klarte å setje han i hjørnet, seier ein blid heimedebutant til Vikebladet Vestposten.

- Fortent siger

Haugalendingen meiner Hødd vann heilt fortent.

– Vi skapte fleire sjansar enn mot HamKam og scora to mål. Der ligg skilnaden. Vi vann heilt fortent. Det var ikkje overraskande at Sandefjord presterte som dei gjorde. Eg har sett dei ein del kampar den siste tida og dei har slite mykje, forklarer Eirik Ulland Andersen.

- Har gått greitt

Mange la merke til Andersen sine offensive bidrag. Men vi skal også hugse at Sandefjord svært sjeldan kom rundt på Hødd si høgreside. Det skal også Jonas Ingebrigtsen ha mykje av æra for.

Han har spelt a-lagsfotball i seks år for Herd i forskjellige divisjonar, men aldri på eit så høgt nivå som Adeccoligaen.

– Eg synest overgangen har gått greitt. Det er litt tøffare enn eg har vore vant med. Det er meir trykk i taklingane og eg har mindre tid til å tenke på. Men det har gått greitt, seier Ingebrigtsen.

Rask overgang

Og legg til at samarbeidet med Eirik Ulland Andersen gjekk bra.

Overgangen frå Herd skjedde kjapt. Ålesundaren visste at Hødd har følgt han gjennom heile sesongen. Men frå han vart invitert på trening for første gong til overgangen vart offentleggjort fredag sist veke gjekk det berre fire dagar. Ingebrigtsen har i yngre år også fått prøvd seg som stoppar og defensiv midtbanespelar, men har klart mest erfaring som høgreback.

Einaste høgrebacken

Og er du høgreback i Hødd er du bortimot fast på laget. For sett vekk frå Ingebrigtsen er det ingen andre typiske høgrebackar i stallen.

– Det har eg ikkje tenkt på så langt, smiler Ingebrigtsen.

Før han blir avbroten av ein lagkamerat som ikkje går med på det svaret.

- Fortent kåring

Fast plass eller ei. Trenar Lars Arne Nilsen har mange godord om den nye høgresida.

– Eirik vart kåra til banens beste. Det var fortent, synest eg. Han var veldig god i dag. God éin mot éin, jobba hardt ned igjen, god å spele dei andre god – ja, ein veldig god spelar. Det same er Jonas, som kjem rett frå Herd. At vi stiller med ei heilt ny høgreside og etter kvart stengjer ho av synest eg er utruleg kjekt, seier Nilsen.

Les også:

* Kampreferat Hødd - Sandefjord

* - Best som midtspiss

* Den typiske haustspelaren

* Måltørke heime

Jonas Ingebrigtsen. Foto: Per Werkland
Jonas Ingebrigtsen og Eirik Ulland Andersen kosa seg med mobiltelefon og brus etter å ha debutert på heimebane for Hødd. Foto: Joakim Rødven