Vil med dette kome med ei uforbehalden orsaking dersom nokon kjenner seg mistenkte i vårt lesarinnlegg om anbodsprosess. Vi har aldri ymta eller nytta ordet korrupsjon i vår diskurs om dette.

Vår intensjon har heile tida vore at prosessen har vore dårleg og at politikarar og tilsette må vere varsame og løfte spørsmål om habilitet. Vi nytta ordet «rigga» då prosessen verkar vere bestemt utan medverknad frå politisk hald før i budsjetthandsaminga og utan utgreiing som eiga sak. I ettertid ser vi at dette kan bli misforstått og at vi har hatt lite kloke val av omgrep i innlegget. Kommunedirektøren og eg som gruppeleiar har hatt ein fin samtale om dette. Elles står vi ved kritikken av saka.

Mvh

Ole Frank Bakken, gruppeleiar Hareid Høgre