Det er eit spørsmål mange lurer på, og særleg no i desse dagar med rekordlågt studenttal på alle landets lærarutdanningar. Og det er ikkje er eit eintydig eller klart svar på dette.

For når er du god som lærar? Og for kven er du god? Er det når du sjølv har høg kompetanse i faget? Er lærar noko du er (eller ikkje er), eller kan du lære deg å bli ein god lærar?

Eg har den siste tida registeret ei interessant meiningsutveksling om PPU som nødvendig forutsetning for fast stilling i skulen eller ikkje. Både Måseide og Dalbakken har bidrege med ulike innspel, og eg ynskjer å kome med nokre refleksjonar som ein av dei som arbeider med PPU her i regionen ved Høgskulen i Volda.

Eg er heilt einig med Dalbakken i at like viktig som fagleg kunnskap er det å ha visse medmenneskelege ferdigheiter til å sjå elevane og verdsette dei. Evna til formidling og forholdet mellom elev og lærar har noko å seie for læringa til elevane. Læring er ikkje berre ei overføring av kunnskap frå lærar til elev. Eg ser det meir som ei igangsetting av individuelle kunnskapsprosessar. Elevens evne til undring, motivasjon og nysgjerrigheit er vel så avgjerande som kor mange studiepoeng, eller vekttal, læraren i rommet har.

Måseide peikar på eit viktig spørsmål ut frå dagens dystre tal på lærarstudentar og lærarar generelt: kva krav skal vi stille for dei som ynskjer å lære vekk fagkunnskap? På den eine sida er det freistande å seie at vi med mindre krav om utdanning vil kunne få fleire inn som lærarar og kunnskapsutviklinga er sikra. På den andre sida kan det vel tenkast at nettopp å stille krav til lærarens utdanning bidreg til betre kunnskapsutvikling hos eleven.

Ein skulle kanskje tru at eg, som arbeider på ei av lærarutdanningane, er programforplikta til å seie nettopp det, at utdanninga har ein positiv effekt på nivået til nyutdanna lærarar. Det ville i alle fall vore vanskeleg å finne god motivasjon for arbeidskvardagen min om eg ikkje var overtydd om at lærarstudiet bidreg til utvikling av betre lærarar.

Grunnen er eit av dei viktigaste bodskapa alle som tek PPU her i Volda blir presentert, som også eg hugsar frå eg var PPU-student: å aldri slutte å utvikle deg som lærar.

Vi kallar det "den reflekterande praktikar" og i dette ligg at du i løpet av studietida på PPU blir opplært og oppfordra til stadig å evaluere, reflektere og forbetre di eiga undervisning. Systematisk og rettleia refleksjon over eigen praksis er avgjerande for utvikling av gode lærarar. Dette kan du i teorien sjølvsagt gjere utan å ha tatt verken PPU eller andre lærarutdanningar, men i dei aller fleste tilfella er det vel ikkje så sannsynleg at det vert gjort.

Nokre av våre studentar har fleire års fartstid som lærarar (då utan pedagogisk utdanning) og noko av det dei oftast trekk frem er nettopp dette, dei kjenner dei har fått betre føresetnadar for å utvikle og forbetre eigen undervisning etter å ha tatt PPU. Det er forsking som tyder på at ein reflekterande lærar er meir robust til å stå i faget sitt over fleire år. Det er også noko vi treng om vi skal greie å dekke framtidas lærarmangel.

Studiet gir øving i å utvikle eigen undervisning i dialog med faglærarar ved HVO, dyktige praksislærarar i regionen og ikkje minst gjennom eigne refleksjonar.

Foto: Lea Albertsen / HVO

I dei aller fleste tilfella vil lærarstudiet gjere deg betre rusta til å fortsette utviklinga di som lærar. Det er nemleg ikkje berre utdanninga (eller mangelen på utdanning) som avgjer om du vert ein god lærar, det kjem også an på kva grad vedkomande ønskjer og evner å utvikle seg som lærar. Den reflekterande praktikar evaluerer, reflekterer og forbetrar eigen praksis. Lærarens praksis er fag, - og menneske. Og det eine er like viktig som det andre.

Min påstand er difor at du vert aldri ein ferdig lærar. Og i det augneblikket du kjenner deg som ein ferdig lærar så er (eller bør du vere) ferdig. Som lærar.

Om du har fagkompetanse du trur skulen og framtida kan ha bruk for og har eit ønske om å utvikle deg som reflekterande praktikar kan det hende at nettopp du blir den avgjerande læraren for nokon. Noreg treng mange gode lærarar! Søknadsperioden har starta og fristen er 15. april. Hjarteleg velkomen som søkar til PPU-studiet ved Høgskulen i Volda!