Kan du tenkje deg ein eigedom med tomt på over 23 mål, der det følgjer med eit fabrikk- og kontorlokale med eit totalt bruttogolvareal på 12.595 kvadratmeter, eller 12,5 mål? Då treng du ikkje leite lenger, for på Hareid har Ekornes ein slik eigedom ute for sal.

Diverre er ikkje marknaden i regionen for næringsareal av denne storleiken så sprekt for tida. Bygget har vore til sals ei god stund, men ein kjøpar lét vente på seg.

Ønskjer å selje heile bygget

Eigedomsmeklar Kjell Paulsen i Eiendomsmegler 1 har oppdraget saman med eigedomsrådgjevar Bjørn-Erik Fosseide. Paulsen fortel til Vikebladet Vestposten at det ikkje har vore heilt stilt rundt det enorme bygget, men at ein ikkje har lukkast i å finne ein kjøpar som kan tenkje seg heile bygget.

- Vi har nokre interessentar, og det er sjølvsagt veldig kjekt. Men, dette er for det meste aktørar som ønskjer å kjøpe delar av bygget. Då må ein i så fall få skilt ut delar av det, og ein treng mange enkeltkjøparar for at seljar skal gå med på det. Primært ønskjer seljar at nokon kjøper heile bygget og eigedommen, seier Paulsen.

Per i dag er det aktørar som leiger areal i bygget, kan Paulsen opplyse om.

Fleire blant bygdefolket har lurt på, og lurer framleis på, kvifor ikkje Hareid kommune kan ta over bygget. Ordførar Anders Riise (H) sa på spørsmål frå lokalavisa i april 2017, at dette var uaktuelt.

Avvikla verksemda for eitt år sidan

Produksjons- og industribygget på Hareid var lenge ein stor arbeidsplass i kommunen. Men, så bestemte Ekornes seg for å flytte produksjonen frå bygda, og verksemda på Hareid blei avvikla i januar 2017.

Den eldste delen av bygget blei sett opp i 1975, og sidan har det blitt oppgradert og bygd på fleire gonger. Både i 1983, 1985, 1993 og mellom 2013 og 2015 blei det gjort forandringar.

I salsannonsen beskriv Eiendomsmegler 1 bygningsmassen slik:Første etasje inneheld produksjon- og lagerareal med eit bruttoareal på ca. 9.547 kvatratmeter, i tillegg til kontor, inngang og garderobar med meir på rundt rekna 1.524 kvadratmeter i bruttoareal. Andre etasje inneheld kantine og utstillingslokale på rundt 1.524 kvadratmeter i bruttoareal. Det totale bruttogolvarealet er på 12.595 kvadratmeter.

Bygget ligg ute på kjøp- og salssida Finn.no med ein pris på 18 millionar kroner.

foto
Det er meir enn nok golvplass i det enorme bygget. Foto: Eiendomsmegler 1.
foto
Det store prduksjons- og industribygget ruvar i landskapet i Isakdalen på Hareid. Foto: Eiendomsmegler 1.