I tillegg gjekk samarbeidsprosjektet SøreTV vidare saman med Vestlandsnytt og Møre-Nytt. Det toårige prøveprosjektet starta i august 2022.

På abonnementsfronten held talet på Komplett-abonnentar fram med å gå ned. Nedgangen frå 2022 til 2023 var på heile 13,3 prosent, frå 2029 abonnentar ved utgangen av 2022 til 1759 abonnentar ved utgangen av 2023. Mot slutten av 2023 var knapt seksti prosent av abonnentane reint digitale.

Vikebladet Vestposten hadde framleis to papirutgåver i veka i 2023, ved sida av kontinuerleg oppdatering på vikebladet.no.

I slutten av august starta Aron Støylen Jøsok som lærling i Vikebladet Vestposten. Han hadde då gått to år på linja informasjonsteknologi- og medieproduksjon på Ulstein vidaregåane skule. Frå hausten 2022 til våren 2023 hadde han praksiutplassering i Vikebladet Vestposten. Då laga han podkastserien «Piddepodden» saman med ein medelev. Podkasten handla om mopedar og lette motorsyklar.

Erfaringa frå praksisen gjorde at Aron søkte om å få bli lærling i Vikebladet Vestposten, som igjen vart godkjent som lærebedrift. No skal han vere lærling i Innhaldsproduksjonsfaget til seinhausten 2025. Då skal han gå opp til fagprøve.

I september flytta Vikebladet Vestposten ut av lokala i Sjøgata 29 i Ulsteinvik. Lokalavisa har halde til der sidan tidleg på 1990-talet. Eigedomen vart på vårparten 2023 skilt ut i eit eige selskap: Vikebladet Vestposten Eigedom AS.

No leiger vi nye, fine lokale på andre sida av gata, i Sjøgata 34. Lokala er meir tilpassa moderne drift i mediehuset.

Fakta om Vikebladet Vestposten:

  • Samla opplag: 4638

  • Utgjevarstad: Ulsteinvik

  • Daglege lesarar totalt: 8600

  • Daglege lesarar på nett: 5700

  • Daglege lesarar på mobil: 4800

  • Papirutgåve: tysdag og fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 5,1 (inkludert redaktøren og 1/3 videojournalist i SøreTV)

  • Tal på produserte sider: 3200

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonsar: 80/20

  • Talet på leiarartiklar: 46

  • Talet på kommentarar: 1

  • Tal på lesarinnlegg på nett: 200

  • Tal på refuserte lesarinnlegg: 10

  • Tal på gjestekommentarar: 46

Linda Eikrem (52) har vore redaktør og dagleg leiar i Vikebladet Vestposten sidan april 2017. Foto: Privat

Mål og prioriteringar

Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde. Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. Vi skal vere nær lesarane våre og senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere først ute med hendingsnyheiter frå vårt område, og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen i vårt dekningsområde.

I 2023 fekk vi får første gong fleire reine digitale abonnentar enn papirabonnenar. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitale tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar. Ved utgangen av 2023 hadde Vikebladet Vestposten 4189 abonnentar. Nesten seksti prosent (inkl Ung-abonnentar) hadde då berre digital tilgang til VV, mot knapt femti prosent på same tid i 2022. Statistikken viser også at i snitt er 58 prosent av alle abonnentane våre innom vikebladet.no i løpet av ein dag.

Dette er visjonen til avisa: Vikebladet Vestposten skal alltid vere til å stole på, relevant, oppdatert og til stades.

Som så mange andre mediehus, fekk Vikebladet Vestposten ein nedgang i annonseinntektene i fjor.

Målet er også at det lokale næringslivet skal annonsere i avisa, både på papir og digitalt- men vi ser at stadig fleire vel til dømes sosiale medium som Facebook og Instagram for å fortelje om tilbod og kampanjar.

Det gjeld også frivillege organisasjonar: mange droppar annonse i avisa og set heller sin lit til sosiale medium. Men forventninga om at lokalavisa skal dekkje «alle arrangement», lever i beste velgåande.

Det er ikkje alltid vi klarer å leve opp til desse måla. Redaksjonen er liten og sårbar for fråvær/sjukdom, og det er slett ikkje alltid vi rekk over alt både vi og lesarane ventar vi skal rekke over. Produksjonstempoet er vanlegvis høgt og gir lite rom for å jobbe lenge med sakene. På sikt er difor målet å utvide redaksjonen.

Avisa si samfunnsrolle:

Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet. Lokalavisa skal gje lesarane noko å prate om, vere noko innbyggarane har felles. Det forpliktar. På vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi, vegtrafikksentralen og 110-sentralen på X (tidl.Twitter), er vi avhengige av tips og sosiale medium for å få med oss slike hendingar. Lesarane våre er flinke til å tipse og sende bilde, og det er spesielt gledeleg at også unge menneske ser ut til å ha eit aktivt forhold til avisa. Også i 2023 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot mellom dei mest lesne på nettsida vår.

I september 2023 var det lokalval, utan dei store stridssakene i Ulstein og Hareid. Men lesarane viste stor interesse for oppdateringane frå valkvelden (årets mest leste sak). I forkant publiserte vi også svar på spørsmål til alle listetoppane.

Vi har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein, og vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane.

Både Hareid kommune og Ulstein kommune har eigen kommunikasjonsmedarbeidar, og vi ser at det framleis er viktig å ha ei uavhengig avis med fritt kjeldeval og kritisk blikk på dei som sit med makta. Diverre skjer det stadig at maktpersonar prøver å påverke måten artiklar blir vinkla på, til dømes er det mange som ventar at lokalavisa berre skal skrive om det som er positivt Som lokalavis er det også viktig å la så mange som mogleg frå dekningsområdet vårt få kome til orde, dette gjeld både som intervjuobjekt, på kommentarplass og gjennom lesarinnlegg. Også i 2023 hadde vi i kvar fredagsavis ein kommentar frå ein ekstern skribent. Fleire av dei var ungdomar, dei yngste i ungdomsskulealder.

Å fortelje om det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, er også ein del av oppdraget. Konflikten mellom Ulsteing kommune v/ordførar og kommunedirektør og styreleiar i Ulstein Eigedomsselskap, er døme på ei slik sak.

I 2023 vart planar for utbygging på Saunes, det såkalla Mylnaprosjektet, eit følgetong. Her har det vore, og er, mange og sterke meiningar.

Journalistfagleg utvikling:

Journalist Jorulf Myrene deltok på eit kurs i regi av IJ: Fortellingens hemmeligheter.

Etikk:

I ei avis med lite, avgrensa dekningsområde melder det seg stadig etiske dilemma. Til dømes i kriminalsaker: kor mykje informasjon kan vi gje utan å identifisere gjerningsperson og fornærma? Skal vi skrive kommunenamn? Alder? Nasjonalitet? Kjønn? Spesielt i ein tidleg fase i slike saker er dette viktig å diskutere.

Lesarinnlegg er også utfordrande. Kor streng skal kjeldekritikken vere i meiningsytringar? Denne problemstillinga viste seg særleg aktuell under koronapandemien, der redaksjonen fekk ein del innlegg med openberre misforståingar og feilinformasjon. Noko kan også kallast konspirasjonsteoriar, mykje henta frå The University of YouTube & Facebook. I korte trekk handla det om påstandar om at pandemien ikkje er reell, men skapt av media, at viruset er menneskeskapt, påstandar om at vaksinen ikkje er trygg og at folk kom til å døy i hopetal etter å ha teke vaksinen, som er eit biovåpen.

Pressas Faglege Utval har sagt mellom anna dette: «Når det gjelder innsendte meningsytringer, stilles det normalt ikke like høye krav til kildekritikk og opplysningskontroll, som til stoff redaksjonen selv produserer. Men det betyr ikke at slikt stoff går fri fra presseetisk kontroll. PFU har mange ganger understreket viktigheten av å ha gode rutiner for etisk vurdering av innsendt materiale.»

Vikebladet Vestposten har dei siste par åra refusert ei rekkje lesarinnlegg som inneheld faktafeil, misforståingar og feilinformajson. Dermed blir vi også skulda for å drive med sensur. Her i eit utdrag frå ein e-post frå ein lesar: «Hvis dere holder kjeft om dette, så er sannsynligheten stor for at dere snart må holde kjeft for alltid fordi ingen stoler på dere lenger! Flott at vi har document.no og andre alternative media når dere i hovedstrømsmedia er sterkt sensurerte og av den grunn ikke er til å stole på lenger!»

Vikebladet Vestposten vart ikkje klaga inn til PFU i 2023.

Kjelder:

Vi dekkjer eit lite geografisk område (172 kvadratkilometer) med rundt 13.600 innbyggarar- så det er ikkje til å unngå at enkelte blir oftare intervjua enn andre.

Det er også slik at dei tilsette i redaksjonen har eit stort produksjonspress og oftast kort tid til deadline. (Deadline er forresten heile døgnet, sidan nyheiter skal ut på nett så fort som råd.) Utan å ha ført statistikk, er det nærliggande å slå fast at det er flest menn som vert intervjua i Vikebladet Vestposten. Årsaka er nok at det er flest menn i leiande posisjonar i Hareid og Ulstein, til dømes er begge ordførarane menn. Dei fleste næringslivsleiarane er menn, men i kommunane er det fleire kvinner som er einingsleiarar/kommunalsjefar. Så ofte har vi ikkje anna val enn å ty til menn som kjelder.

Står valet mellom ein mann og ei kvinne i til dømes eit portrettintervju, vel vi ofte kvinna. I tillegg har vi eit mål om å nå fleire i aldersgruppa 20–45 år og har dei siste åra leita medvite etter kjelder i den alderen.

Kjeldemangfald handlar sjølvsagt om meir enn kjønn. Det handlar om alder, sosial bakgrunn, utdanning, etnisitet.

Det som kanskje er vår største utfordring, er å få ned talet på einkjeldesaker. Det handlar mykje om å ta seg tid til å leite etter minst ei kjelde til.

Med SøreTV-satsinga gjer vi saman med Møre-Nytt og Vestlandsnytt eit målretta grep. Håpet er å få fram nye stemmer, gjerne yngre. Hovudmålgruppa for levande bilde-innhaldet er menneske i alderen 20 til 35 år.

Mest leste saker

Utanom saker som omhandla ulukker og leiteaksjonar, er dette nokre av dei mest leste sakene i 2023:

Mest sette videoer:

Også i 2023 hadde Vikebladet Vestposten eit mål om å auke talet på eigne videoar og lesarvideoar på nettsida. SøreTV-satsinga bidrog naturleg nok til å nå det målet, i tillegg til at også resten av redaksjonen har vorte flinkare til å filme små snuttar når dei er ute på oppdrag.

Gjennom eit nytt system for innsending av lesarvideoar, Luups (utvikla av ei bedrift i Volda), fekk vi gjennom SøreTV tilsendt ei lang rekkje videoar frå lesarane våre.

Og i SøreTV-serien «Full tenning» fekk vi fram mange gode historier frå bilmiljøet på Søre Sunnmøre.

Her er nokre av videoane som var mest sett:

Året i bilde

Her er nokre av bilda som vart publiserte i Vikebladet Vestposten i 2023:

Mona Storøy og Idunn Dyrhaug Volnes på tannlegekontoret Sana Oris. Foto: Jorulf Myrene
Konfirmasjon i Hareid kyrkje. Foto: Jorulf Myrene
Stortingspolitikar Mahmoud Farahmand omfamnar Jostein Nedrelid. Det vart eit tårevått møte mellom flyktningen frå Iran og familien Nedrelid som tok så godt mot han då han kom til Hareid i 1987. Foto: Anne Gry Eilertsen
Open brannstasjon på Hareid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Hareid IL stod som arrangørar av Norgescup i den nye basishallen. Oktober 2023. Foto: Andreas Bjerknes
Ulstein verft treng fleire tilsette. Verftet og Ulstein Elektro Installasjon hadde mot slutten av 2023 ein ordrehorisont fram til nesten halvvegs inn i 2026. Frå venstre ser ein Jonas Liavåg, Vegard Moltu Nilsen, Hanne Notøy, Samat Vagizov, John Hatløy og Sondre Ertesvåg. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Hødd-Lyn 1–2, kvalifisering til Obosligaen. Hødd rykkjer ned i 2. divisjon. Foto: Per Werkland
I serien «Første jul» (på trykk i juleavisa) møtte vi mellom andre sambuarane Lena Solbakken og Magnus Haukeland, som feirar si første jul i eige hus. Foto: Linda Eikrem
Eit svært lyspunkta hus i Ulsteinvik. Foto: Aron Støylen Jøsok
Nissen på Hareid. Foto: Andreas Bjerknes

Dei viktigaste sakene

Dette er nokre av dei viktigaste sakene vi jobba med i 2023- ikkje i prioritert rekkefølgje og vist gjennom framsider i papirutgåvene:

Spørsmål til Polaris-redaksjonene fra Polarisstiftelsen til årsrapporten 2023:

Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

Her finn eg det best å vise til Redaktørplakaten, som seier at ein som redaktør skal ivareta ytringsfridomen, pressefridomen og informasjonsfridomen. I kvardagen er det desse tre fridomane som er mi viktigaste oppgåve.

De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

Eg har ikkje funne grunn til å lage eigne retningslinjer for dei redaksjonelt tilsette i Vikebladet Vestposten. Sånn generelt har eg ved fleire høve sagt at du er aldri privatperson når du er tilsett i lokalavisa. Lesarane vil alltid knyte deg til avisa, sjølv om du meiner du uttalar deg som privatperson.

Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

Kunstig intelligens er såpass ferskt- men kjem for full maskin no- at vi førebels ikkje har rukke å gjere oss opp så mange erfaringar. Det stiller framleis krav til grundig kjeldekritikk og faktakontroll i kvardagen.

Men eg trur KI gir oss fleire moglegheiter enn utfordringar. Til dømes er dei ulike graveprosjekta til konsernkollega iTromsø svært interessante. Mediehuset fekk i 2023 støtte frå Fritt Ord til å spå korleis levekåra i dei ulike bydelane i Tromsø kjem til å utvikle seg.

Elles: Bruk av KI til å få lyd-/videoopptak over til tekst vil kunne effektivisere arbeidet i eit så lite mediehus som Vikebladet Vestposten, der mange intervju blir gjort i opptak. At vi er nær kjeldene våre og svært ofte møter intervjuobjekta ansikt til ansikt, minskar også faren for at vi skal bli «lurt». I tillegg vil god kunnskap om området vi dekkjer hjelpe oss til å avsløre nyheiter og fakta som ikkje stemmer.

Dette er heile staben i Vikebladet Vestposten. Bak frå venstre: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll (journalist), Jorulf Myrene (journalist), Aron Støylen Jøsok (lærling), Andreas Steinnes Bjerknes (journalist). Framme frå venstre: Linda Eikrem (redaktør og dagleg leiar), Rose Mari Dragsund Bjørnerem (medierådgjevar), Ingvild Aursøy Måseide (journalist), Stine Moltu (medierådgjevar). Liggande: Lisa Bendal (videojournalist i SøreTV).