- Vi mistar to gode spelarar og venner. Det er «a pity» å ikkje ha Akeem og Sivert her. Men det er gode spelarar som kjem inn for dei og vi skal gjere det beste ut av situasjonen, sa kaptein Jesper Törnqvist under torsdagens Hødd-pressekonferanse.

- Vi var underdogs i utgangspunktet, og det gjer ikkje situasjonen spesielt betre at to av våre beste spelarar ikkje får vere med. Men vi føler at vi har ein sjanse til å gå vidare. Vi vann 1-0 og spelte ein god kamp sist veke, forklarte trenar Lars Arne Nilsen.

Stor interesse

Rundt 20 mediefolk frå Kasakhstan (i tillegg til Vikebladet Vestposten, Sunnmørsposten og Hødd-TV) hadde møtt opp til Hødd sin pressekonferanse. Kasakhstanarane ville mellom anna ha svar på om det var sant at nesten ingen av spelarane var heilprofesjonelle, kvifor spelarane ikkje får bonusar dersom dei slår ut Aktobe – og om spelarane hadde gått i solarium dei siste dagane for å føre bu seg på varmen som ventar dei torsdag kveld. Svaret på det siste spørsmålet var forresten nei.

- Det blir artig å spele på ein full stadion her nede. Dette er ei ny erfaring for oss. Samtidig er storleiken på bana om lag som vanleg, kampen skal vare i 90 minutt – og vi skal som vanleg spele med to mål, sa Jesper Törnqvist.

Sjå også: Vel framme i Aktobe

Etter pressekonferansen (som vart avslutta med applaus frå pressekorpset, noko som ikkje skjedde etter Aktobes sekvens) gjennomførte Hødd ei roleg økt på Central Aktobe Stadium. Tilskodarkapasiteten er forresten på 12.800 personar, og torsdagens Europaliga-kamp er utselt.

Rekdal som backving?

Sidan Latifu og Nilsen manglar må Hødd-trenarane stokke om laget på nytt. Det vart ikkje terpa formasjon på kveldens trening, men etter det Vikebladet Vestposten erfarer vurderer Hødd fleire strategiar. Ein av dei kan vere å spele 5-4-1 med Tobias Nygård Vibe som ein ekstra midtstoppar og Andreas Rekdal som høgre backving. Då vi snakka med Rekdal etter treninga hadde han ikkje fått vite lagoppstillinga, men det verkar i alle fall logisk at Rekdal er inne i torsdagens 11-ar.

Les også: - Same situasjon som oss

Bendik Torset er småskadd og ikkje aktuell til å starte, medan Eirik Heltne ikkje har spelt offisielle a-lagskampar i år.

På topp har Hødd god dekning. Vi tippar Rune Ertsås og Robin Hjelmeseth startar på benken, men at minst éin av dei kjem inn utover i kampen.

PS. Torsdagens kamp startar klokka 21.00 vestkasakhstansk tid, 18.00 norsk tid. Vi har sjekka internettforholda på Central Stadium Aktobe – med hell. Det ser derfor ut til å bli fyldige liveoppdateringar frå Aktobe torsdag.

* Alle foto frå Aktobe: Einar Orten Trovåg.