Carien Lærum har kommentert synet mitt på PPU, praktisk pedagogisk utdanning, og fagkunnskap i skolen. Utgangspunktet mitt var: (a) Ein internasjonal kapasitet i fysikk får ikkje fast tilsetting i skolen trass i stor skort på realfagleg kompetanse. Grunn: Ho manglar PPU. Elevar/studentar er samstemte: Betre lærar har dei ikkje hatt. (b) Yrkesfagleg line/vg.skole ønskjer erfarne fagarbeidarar som lærarar. Det er stort behov for kompetansen deira. Da går alarmen: Dei manglar PPU!

Dette fortel følgjande: Om ein lærar faktisk kan faga han/ho skal undervise i, spelar inga rolle. Det som tel, er om vedkommande har PPU.

I ein kronikk i «Bergens Tidende» i 2016 etterlyste eg grunngiving av kravet om PPU for fast tilsetting i skolen. Didaktikk-professor Endre Brunstad gav det avslørande svaret: PPU er nødvendig. Utan dét kan ein ikkje bli lektor. Svaret er korrekt, men inkjeseiande. Det fins vedtak om at PPU er nødvendig vilkår for fast tilsetting i skolen. Dermed blir Brunstads resonnement følgjande: PPU er nødvendig av di det er vedtatt at det er nødvendig. Han seier såleis at PPU er nødvendig av di det ernødvendig. Nærare eit kognitivt null-punkt er det vanskeleg å komme. Grunngiving er det ikkje.

Det hender at ungar spør kvifor dei ikkje få lov til det eller det. Ofte er svaret: «Fordi eg seier det». Hadde Brunstad vist til vedtaket om obligatorisk PPU, ville det svare til denne type svar. Som «grunngiving» er slikt meiningslaust. Det er uttrykk for arrogant evneløyse.

Lærums svar er betre enn Brunstads og i minsto ikkje kognitivt meiningslaust. Ho har eitt godt poeng, som dessverre blir formulert nokså tvitydig. Ho skriv at «like viktig som fagleg kunnskap er å ha visse medmenneskelege ferdigheiter til å sjå elevane og verdsette dei». At påstanden er tvitydig, kjem fram like etter: «Læring er ikkje berre overføring av kunnskap frå lærar til elev». Ho lagar, kanskje utilsikta, eit skille mellom «fagleg kunnskap» og «medmenneskelege ferdigheiter», der det første ser ut til å utelukke det siste.

Meiner Lærum verkeleg at PPU er nødvendig for at lærarar skal kunne ha «medmenneskelege ferdigheiter»? Desse er jo ikkje anna enn normal sosio-moralsk kompetanse. Er det faktisk slik at dei som vil bli lærarar, manglar elementær sosiomoralsk dugleik? I så fall, er neste steg obligatorisk PPU for alle?

Ein lærar med faglege kunnskapar på plass har, til skilnad frå læraren med svakt kunnskapsgrunnlag, reelt vilkår for å skape undring, motivasjon og fagleg nyfikne hos elevane. Dette meiner ikkje Lærum, som tvert om hevdar at eleven si «evne til undring, motivasjon og nysgjerrigheit er vel så avgjerande som kor mange studiepoeng...læraren...har».

Eg er sjølvsagt samd i at elevens evne til undring, etc. er viktig. Men kan den stimuleras av lærarar utan gode kunnskapar? Kan pedagogikk utan fagleg grunnlag skape motivasjon for læring? Er det urimeleg å anta at kunnskap er viktig for å kunne ha reell omsorg for elevar?

Lærum har eit poeng når ho snakkar om læraren som «reflekterande praktikar». Men ho er uklar om korleis dette er å forstå. Eg har sjølv hevda at «pedagogikk-biten» i lærarutdanninga burde avskaffas og erstattas med at lærarkandidaten i praktisk undervisning blir følgd av erfarne faglærarar som systematisk kan drøfte så vel suksessar som fiaskoar med vedkommande gjennom heile utdanninga, gjerne også ut over den, eit emne eg har drøfta t.d. i Atle Måseide (red): Treng vi faget pedagogikk?Oslo: Solum Forlag 1988 og i «Filosofisk blikk på teori-praksis problemet» i Andersen og Otterlei (red): Kunnskapsforvaltning, Bergen: Fagbokforlaget 2023.

Den basale premissen min er at problemet om omsetting av teori til praksis ikkje kan løysas teoretisk, i dette tilfellet ved hjelp av pedagogisk teori. Erfaring og skjønn er vilkår for å ta dette steget. Det er difor faglæraren med yrkesfagleg praksis og skjønn basert på erfaring som meiningsfullt kan fungere som yrkesfagleg lærar. Å hevde at dette ikkje går utan PPU, er inkje anna enn uttrykk for fag-politisk imperialisme frå pedagogikk-lauget. Tilsvarande gjeld andre skoleslag: Pedagogisk teori er openberrt dysfunksjonell. Utvikling av lærar-dugleik gjennom reflektert praksis, dvs. langvarig rettleiing av erfarne lærarar der lærarkandidaten tileignar seg sjølvinnsikt i yrket ved systematisk å få utside på seg sjølv som lærar, er derimot fornuftig og nødvendig.

Påstanden min om pedagogisk teori må grunngivas. PISA-granskingane av norske 15-åringar sine kunnskapar/kompetansar har vist jamn tilbakegang. Pedagogiske teoriar og utdanningspolitiske vedtak baserte på desse har i svært mange år utgjort premissane for det som ha skjedd i skolen. I lys av dette blir Lærum si rosemåling av PPU tragi-komisk. Eit elementært krav til vitskaplege hypotesar/teoriar er at dei skal vere formulerte slik at dei samtidig fortel kva data som svekker eller falsifiserer dei. Dessutan: Ein skal utsette hypotesar/teoriar for så harde testar som råd er. PISA-resultata falsifiserer dei pedagogiske teoriane som har hatt hegemoniet i skolen. Stoda elles i skolen peiker i same lei. Lærarar har skrive bøker og artiklar i media om emnet. At dette ikkje har hatt effektar, viser at samhald i pedagogikk-lauget er sterkt. Å gjere karrière krev at ein tilpassar seg. Fagleg usemje er prov på inkompetanse. Bortsett frå Skagens bok «Pedagogikkens elendighet» har eg ikkje sett spor av sjølv-kritikk frå pedagogar.

Slik blir fagleg opposisjon eliminert. Pedagogikk er ein karikatur av Kuhns teori om vitskaplege paradigme og kan ikkje kallas vitskap. Å immunisere seg mot kritikk ved ev. å vise til forhold utanfor skolen – det er dei som øydelegg for teoriane – er uvitskapleg tøv. Omsorg for elevar? «Mobbeparagrafen» i Opplæringslova er den sterkaste åtvaringa mot å bli lærar eg kjenner til. Eg har, til saksopplysning, publisert ein artikkel om emnet, «Filosofisk blikk på opplæringslovas § 9A-5, «mobbeparagrafen»», i Nordisk Tidsskrift for pedagogikk og kritikk vol. 9, 2023.