Er vi verkeleg der, der det viktigaste i valkampen på Hareid er kven som har lagt mest asfalt og kven som har bygd hus? Der vi i iveren etter å framsnakke kor vellukka og kor bra oss har det gløymer å prate om det som verkeleg er viktig. Det skinnande bilete vi prøvar å skape er ikkje slik for alle. Vi , dei aller aller fleste har det bra, men kva med dei som ikkje har det?

Kva med borna som kvar dag går på skulen med ein klump i magen, dei blir mobba , passar ikkje inn eller blir utestengde av dei andre. Kva med ungdomen som sitt heime , dag ut og dag inn, utan venner som kjem på besøk eller som spør om ein vil bli med. Kva med den sjuke gamle som sitt dagen lang åleine, ventar på dei gode varme hendene til heimesjukepleia, som når dei kjem må fare like fort fordi dei er for få, dei skal rekke mange og har dårleg tid. Kva med den gamle som ønsker seg ein trygg og god alderdom på sjukeheim, men får ikkje plass, plassar som var før, men som no er vekke.

Er verkeleg ikkje dette og meir til, langt viktigare enn kilometer på kilometer med asfalt og parkeringsplassar? Ja naturlegvis er det viktig å skape trivsel og vekst, og der er vi gode, verkeleg gode og vi skal fortsette med det , men det må vere for alle og det må aldri gå på kostnad av dei viktige oppgåvene ; Helse , omsorg, oppvekst og skule.

5-minuttsbygda er eit godt utrykk , lat oss prøve og fylle det med endå fleire viktige mål; 5-minutt til skulen der alle har det bra . 5-minutt til ein får positivt svar på sjukeheimsplass. 5-minutt til heimesjukepleia kjem, med tid til både hjelp og prat. 5-minutt, tida som ungdomen brukar for å hive på seg kleda og springe ut døra til venner som ventar. Klarer vi dette i tillegg til alt det vi har?

Utopi ? Tomt prat? Urealistisk ? Mogleg det, men vi kan no prøve, og lykkast vi, so har vi skapt meir enn 5-minutts lykke. Det må no vel vere viktig og verdt eit forsøk! Skal vi prøve ?

Øyvind Grimstad , 1 kandidat Industri og Næringspartiet Hareid (Hareid INP)